#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 17/02/2017
Hele dagen

Kategorier


Vi er klare for årets 2 spakveld der avslapping og velvære er i fokus. Ein kveld for å stresse ned og lade opp med massasje, fotbad, sunn mat og ikkje minst det gode samværet. Vi er tre damer som inviterer deg til ein uformell samankomst den 17. februar. Då kan du kome rett frå jobb og få servert varm og smakfull vegetarmat m/dessert og kaffi. Etter tur får du behandling av Agatha Zuch eller Irene Tafjord Løvoll inne på massasjerommet. Du bestemmer sjølv kva kroppsbehandling du vil ha. Ute i storstova blir det yoga, meditasjon og avspenning med Merete Myklebust utover kvelden. Vi startar spa-kvelden kl. 17.00 og avsluttar ca. kl. 22.00.

Ha ledig tøy på og kom som du er. Dette er eit høve til å ta litt ekstra hand om deg sjølv på alle vis, saman med likesinna.

Yogashopen er open med årets nye fritids- og yogaklede i naturmateriale for sal.

 

Behandlingar og prisar: Inkluderer Spa-behandling + yoga + servering

60 min. velværemassasje: Kr. 850,-

60 min. russisk massasje med honning: 850,-

45 min. refleksologi: Kr. 750,-

30 min. ryggmassasje: Kr. 650,-

30 min. scrubb: Kr. 550,-.

20 min. fotbad m/cedertrearoma inkludert.

Eit fint tilbod for både enkeltpersonar og venninnegjeng.

Sidan det er begrensa plass (10 personar) er det første til mølla prinsippet som gjeld.

Velkomen!

Helsing  Agatha, Irene og Merete

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.