#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 17/11/2017
18:00 - 22:00

Kategorier


Ny spa-fredag i nytt badehus. Fredag 17. november kan du kome rett frå jobb til Gullåna Bad på Døving. Først ei smakfull vegetargryte, etterpå ventar badstu i stemningsfull vedfyrt sauna, massasje og mindfulnessmeditasjon i tårnet. «Tanke-tårnet» er toppen av badehuset og har vindauge til alle himmelretningar. I tårnet og i loungen kan du chille heile kvelden saman med kjekke folk som ønsker eit alternativ førjulsarrangement med helse og velvære. Ein kveld for å finne roa, lade opp og ta hand om seg sjølv på ein god og nærande måte. Ta gjerne med ein ven og kom som du er. Denne kvelden skal Agata Zuch, Marita Ekroll, Eija Hoel og meg lage rammene for ei flott førjulsoppleving for deg. Kjem du langveis frå kan vi anbefale deg å overnatte på Valldal Fjordhotell. Du får også handla julegåver her, spaprodukt og yogaklede av kun naturleg og miljøvennleg materiale.

Dette kan du vente deg denne kvelden:

  • Badstu m/finsk badsturituale.
  • Massasje eller scrub, 30 – 35 minutt.
  • Bad og fotbad.
  • Mindfulnessmeditasjon.
  • Servering av middag, kake, kaffi/te, frukt og snacks.
  • Chille i tårnet.
  • Trekking av eitt gåvekort på kr. 400,- og eitt til kr. 200,- i spa- og yogashopen.
  • Handle i spa- og yogashopen.

Tid: Kl. 18.00 – 22.00

Pris: Kr. 890,- per person.

Velkomen.

Irene (aromaterapeut), Agata (klassisk massør), Eija (saunaspesialist) og Merete (mindfulness).

Ord om badstu: » Lukk augene, opne opp sansane – Stig inn i varmen. Føl tankane dine klarne og nyt roa som sprer seg gjennom kroppen. Musklane slappar av og spenningar smeltar vekk. Tankane dine vandrar, draumane dine blir verkelege. I varmen blir det som er sant meir tydeleg og opnar opp heilt inn til sjela.»

 

Booking ferdig pga FULLT! (16 stk.)

Bookings

Dette arrangementet er fullbooket.