Dato / tid
Date(s) - 15/12/2017
18:00 - 22:00
Kategorier
Ønsker du roe ned eller gi deg sjølv ei nærande førjulsgåve kan vi hjelpe deg med det. Vi er 4 damer som vil gjere sitt beste for å lage denne spa kvelden til eit uforgløymeleg førjusminne. Sidan det er mørketid og kladt ute vil vi tilføre kvelden ekstra stemning og lys ved ma. også gjere saunaopphaldet til ei meditativ oppleving. Denne kvelden er dui hovedsak invitert til å ete god vegetarmat, gjere yogastretch (hotyoga) og etabelere god kontakt med pusten din, gå i sauna og bli med på finsk badsturitual mm. Sauna har god effekt på stive skuldrar og nakkar samt høgt stressnivå, ein måte å tøme hovudet på, kvitte seg med forureining i kroppen og bli som ny, både innvendig og utanpå. Eija Hoel kan lære oss nordmenn god saunaskikk og har mange gode historier på lur. Ikkje minst gjer det godt å samlast på ein uformell måte med helse og velvære i fokus. Du kan bestille massasje til ein god pris denne kvelden, ta fotbad, eller eit bad.
Vi vil sidan det er vinter og mørketid prøve å gjere kvelden spesielt meditativ og stemningsfull.
Det er Agata Zuch, Irene Tafjord Løvoll, Eija Hoel og Merete Myklebust som legg rammene for ein uforgløymeleg kveld som alle kan bidra til innhaldet med. Kjem du langveis frå kan vi anbefale deg å overnatte på Valldal Fjordhotell.
I yoga- og spa shopen vår kan du også handla julegåver. Spaprodukt og yogaklede av kun naturleg og miljøvennleg materiale. Gode juletilbud.
Dette kan du vente deg:
- Badstu m/finsk badsturituale.
- Yogastretch og pust.
- Massasje, refleksologi eller scrub.
- Bad og fotbad.
- Servering av grilla vegetarburritos, kake, kaffi/te, frukt.
- Chille i tårnet.
- Stemningsfulle lokaler som gir deg kjensle av jordnær enkelheit og luksus på same tid.
- Handle i spa- og yogashopen.
Tid: Kl. 18.00 – 22.00
Pris: Kr. 720,- per person.
Maks 9 personar.
Pris behandlingar:(denne gongen vel du kva behandling du ønskjer, og første mann til mølla-prinsippet).
50 min massasje kr. 600,-.
30 min massasje kr. 400,-.
Refleksologi, 45 min, kr. 500,-.
Scrubb kr. 350,-.
Du angir kva behandling du ønsker ved påmelding. Her er det førstemann til møla som tel, men vi prøver at flest muleg skal få ei behandling. Betaling = påmelding, du får eit kontonr. i ein mail etter du har booka i linken under.
Velkomen til damenes aften.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.