Dato / tid
Date(s) - 26/10/2018
17:30 - 22:00
Kategorier
Eksotisk spa fredag i haust. Kveldane er blitt mørke og kjølege, men i Gullåna badehus finn du varmen denne fredagskvelden. Du kjem frå arbeid og nyt eit varmt og eksotisk måltid, dessert, frukt mm. Du får massasje med Supee frå Thailand eller Agata frå Polen og stretch yoga med norske Merete. Så er det sauna med nytt rituale som overrasking, alt for å gi kropp og sinn ein oppkvikkar samt god og djup avspenning. Vi trur du vil kjenne deg saleg og harmonisk resten av helga etter denne kvelden. Gullåna bad har blitt ein spanande møtestad der det er lett å bli kjent med mange nye og hyggelege folk.
Bli med og opplev:
- God vegetarmat
- 30 min massasje.
- Yogastretch.
- Sauna m/rituale.
- Sosialt samvær.
- Handle i spa-butikken norske og europeiske naturbaserte spaprodukt.
Supee Sapunga er frå Thailand og bur i Tafjord og vil gi deileg aromamassasje. Agata Zuch er frå Polen og bur i Liabygd og vil gi sin kjente og elska ryggmassasje. Alle vil få vere med på alt program, men ønsker nokon møter kl. 17.00 for behandling. Plass til 16 stk. Skriv i bestillinga om du har spesielt ønske for massør.
TID: kl. 17.30 – 22.00
PRIS: Kr. 780,-
Betal via Vipps og stadfest di påmelding: Merete Myklebust #531222. I menyen finn du «Spafredag 26/10». Legg inn tlf.nr. og mailadresse. Eller betal til kontonr. 40602663711 og merk «Spafredag».
Alle varmt velkomne!
Bookings
Dette arrangementet er fullbooket.