Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 25/01/2019
18:00 - 22:30

Kategorier


Ein kveld for avslapping og nyting. Kom til dekka bord med lett vegetarmat før du går til massasje, restorativ yoga, saunayoga og varm vedfyrt sauna. Du kan ta ein god scrubb med epsomsalt, vere med på saunarituale med eteriske oljar ved sidan av å hygge deg i godt selskap ein heil kveld. Ei lita overrasking blir det også; Goodiebag med mange gode spa produkt.

Denne kvelden vil vere ei god vitamininnsprøyting i vintermørket og verkeleg gje påfyll til kropp og sinn. Kom som du er, åleine eller saman med ei venninne, her blir du uansett lett ein i gjengen.

Du får vere med på:

  • Eit smakfult 3 rettar måltid
  • Yoga/avspenning
  • Saunayoga
  • Saunarituale
  • Scrubb
  • Goodiebag

TID: Fredag 25. januar kl. 18.00 – 22.00.
PRIS: Kr. 720,-. Innbetaling innan 24.01. Bindande betaling.

MASSASJE/SCRUB/REFLEKSOLOGI: Kr. 400,- pr 30 min.

PÅMELDING: Fyll ut boksen under med kva behandling du ev. ønsker. Betaling via VIPPS #531222 – «Kjøp og betal» -«spafredag» eller kontonr. 40602663711, merk «spafredag».

Velkomen til årets første spafredag!

Bookings