Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 08/03/2019
18:00 - 22:00

Kategorier


8.mars bør markerast, men ikkje kun med synleggjering av kvinnerettigheiter. Du kan også gi deg sjølv ei spa gåve og kome til Gullåna badehus og få servert lett god mat, vere med på klangreise, restorativ yoga og spa. Dette blir nok ein herleg spa kveld med ein god porsjon endorfin boost! og elles alt kropp og sjel treng – den siste for sesongen.

Meditasjonen er heilt spesiell denne gongen. Ursula Jongsma tar deg med på ein avspennande klangreise med varsame naturlydar. Med hjelp av eit instrument, laga av heiltre, får du oppleve kor godt det kan vere å vere heilt i det her og no.

I Gullåna badehus kan vi by på:

  • Vedfyrt sauna der det blir god tid til å gå inn og ut av det varme rommet for å få igang ein god utsveittingsprosess, kald pulp/snø og damprituale med oljar.
  • Klangmeditasjon.
  • Japansk vatnrituale som gir ei utruleg forfriskande oppleving.
  • Saltscrub med epsomsalt, kafii/honningmaske mm.
  • Restorativ yoga. Ei heilt mjuk og avslappande yogaform.
  • Frisk frukt og smoothie, snacks mm.
  • Eit varmt vegetarmåltid.
  • Spa shop med gode tilbod.

PRIS: Kr. 720,-

Massasje 30 min. kr. 400,-.

PÅMELDING: Via bookinga nederst på sida. Opplys om du vil ha massasje.

BETALING: Vipps- «kjøp og betal» #531222 «spa fredag» eller kontonr. 40602663711. Bindande betaling etter 5.3.

Alle damer velkomne.

 

 

 

 

Bookings