Dato / tid
Date(s) - 27/01/2017
Hele dagen
Kategorier Ingen Kategorier
Vinteren er her og mange av oss kjenner vi treng litt ekstra pleie både mentalt og fysisk. Det vil vi, 2 massørar og ein yogalærar, gjere noko med. Etter ein populær spa-kveld før jul så følgjer vi no opp med heile to kveldar til i vinter. Fredag 27. januar og 17. februar. Då kan du kome rett frå jobb og få servert varm og smakfull vegetarmat m/dessert og kaffi. Etter tur får du behandling av Agatha Zuch eller Irene Tafjord Løvoll inne på massasjerommet. Du bestemmer sjølv kva kroppsbehandling du vil ha. Ute i storstova blir det yoga, meditasjon og avspenning med Merete utover kvelden. Det nye denne spa-fredagen er nyinnkjøpte handlaga fotbad i ekte cedertre frå Japan. Fotbada har naturleg avslappande aroma i seg. Badet på garden er nyoppussa og du kan altså velge om du også vil ta eit deileg fotbad i løpet av kvelden. Vi startar spa-kvelden kl. 17.00 og avsluttar ca. kl. 22.00.
Kom som du er, ha ledig tøy på, og har du ei favorittmaske kan du legge den under refleksologibehandling eller medan du ventar på ei behandling. Du får også kjøpt ei god maske her på senteret for kr. 80,-. Dette er kvelden for å ta hand om seg sjølv på alle vis ilag med likesinna. Saman lagar vi den gode stemninga.
Behandlingar og prisar: Spa-behandling + yoga + servering
60 min. massasje: Kr. 850,-
45 min. refleksologi: Kr. 750,-
30 min. ryggmassasje: Kr. 650,-
30 min. scrubb: Kr. 550,-.
20 min. fotbad inkludert.
Eit fint tilbod for både enkeltpersonar og venninnegjeng.
Sidan det er begrensa plass pr. spadag (10 personar) er det første mann til mølla prinsippet som gjeld. Ved å bestille plass nedanfor her er det i første omgang fredagen i januar du melder deg på. Veit du alt no at du vil delta i februar kan du sende ein mail på det eller vente til påmeldinga blir lagt ut her på heimesida.
Velkomen!
Helsing
Agatha, Irene og Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.