#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 23/11/2018
18:00 - 22:00

Kategorier


Denne siste fredagen i november ønsker vi  å invitere deg som kjenner du har bruk for ein annleis fredag, ein kveld som fyller deg opp med både mat og fine opplevingar, til spa party. Du kjem kl. 18.00 og får servert eit lett og godt vegetarmåltid, så vil du få oppleve Eija Hoel sitt populære saunarituale. Når Eija blir med inn i saunaen spreier ei spesiell magisk stemning seg og ein lærer korleis vere og bruke ei sauna på finsk vis. Det finske ritualet med bjørkeris er som ei god peeling for huda og med velgjerande eteriske oljar. Du kan bestille 30 minutter massasje med våre dyktige massøse Agata eller Supee. Seinare på kvelden blir det spreidd meir duftande aroma med handklerituale. Inne på det store badet kan du ta ein body scrub med epsom salt, eit spesielt magnesiumsalt som har ei reinsande og avslappande effekt. Etter ein slik kveld vil du garantert ha eit høgt endorfin -nivå og kjenne deg som ny!

Det blir servert forfriskningar samt salt og søtt sncks utover kvelden. Dette blir ein deileg kveld med alt som er godt for ein sliten damekropp. Unn deg sjølv ein spakveld der du fyller på energilagra.

OBS! Kun 8 deltakarar på saunaritualet så her er det første kvinne til mølla! Skriv i påmedlinga om du vil ha med deg dette. For dei som ikkje blir med her vil det bli Yoga nidra – djup avspenning.

NÅR: 23.11 kl. 18.00 – 22.00

PRIS: 720,-. Ein betalar ved påmelding eller seinast 20.11 – Etter denne dato er påmeldinga bindande.

MASSASJE: Klassisk massasje, aromamassasje eller honningmassasje Kr. 400,-.

Alle damer velkomne!

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.