Dato / tid
Date(s) - 02/12/2016
17:00 - 22:45
Kategorier Ingen Kategorier
Spapakke
Dette blir ein kveld der du kan senke skuldrane, prate, le og ha det kjekt saman med andre samstundes gi deg sjølv ei velgjerande gåve i vintermørkret. Fredag 02.12 kan du kome rett frå jobb kl. 17.00 og få servert varm og god vegetarmat, heimelaga is, kaffi/te mm. I godt lag kan du slappe av i ei lun atmosfære her i hagen på Døving. Agatha er utdanna massør i klassisk massasje og har fått mange gode tilbakemeldingar på hennar gode hend og behandlingar. Ho tilbyr ma. scrub, ryggmassasje, honningmassasje, refleksologi mm. Du bestiller den behandlinga du vil ha på førehand. Medan du ventar på di behandling vil Merete undervise lett mjukgjerande yoga, god strech og avspenning. Maks 6 personar, så førstemann til mølla. Her kan du gjere julegåvehandel også. Gode spaprodukt og yoga-/fritidsklede, avspenningscd mm. samt måleri av Norunn Mølsæter. Avsluttar ca. kl. 22.00.
Prisar spa-behandling + yoga + varmt måltid:
60 min. massasje: Kr. 800,-
45 min. refleksologi: Kr. 700,-
30 min. ryggmassasje: Kr. 600,-
30 min. scrubb: Kr. 500,-.
Velkomen!
Agatha og Merete
PS! Arrangementet er no fullbooka. Om du er interessert i å delta og stå på venteliste så send meg ein mail.
Bookings
Dette arrangementet er fullbooket.