#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 14/03/2026
11:00 - 16:00

Kategorier


Vi ønsker deg velkomen til eit laurdagsretreat med roleg yin yoga, gongbad og sauna.

Om du er sliten, stressa og treng meir kvile og ro, eller du søker eit varmt fellesskap og treng fylle på kontoen for velvære – så er dette plassen for deg.

 

Vi startar dagen med eit spa i  oppvarma vedfyrt sauna.  Her vil du kjenne varmen roe ned kropp og sinn, får du lagt ifrå deg spenningar og slitenheit og kjent på ei velgjerande ro og velvære. Ein kan veksle mellom sauna og kaldkulp eller berre kvile i allromet mellom rundane i badstova. Etter ein smakfull liten lunsj som vil bestå av surdeigs- focacchia med ost og dipp, smoothie, snacks/kafi/tè – kan du gle deg til to timar med meditativ yin yoga og vakre, helande og djupe vibrasjonar frå Tina sitt gongspel. Medan du ligg på ei behageleg ullmatte vil tonane gå dit i kropp og sinn du treng hjelp til å frigi blokkering, vondtar eller hele sår. Yin yoga er liggjande yogastretkk som vi held 3 minutt for å kome djupt ned i musklar og strekke bindevevet rundt. Tina vil halde eit meditaivt klangbad i bakgrunnen. Gongbad og yin yoga blir som ei behandling både for kropp og sinn.

Klangen frå gongar, syngebolle og forskjellege lydkjelder, vil appellere til alle sansar, både sinnet (mentalt og følelsar) og til din fysisiske kropp på same tid. Gongbad er ein urgamal seanse som kan minne om massasje og gje ei utrensing av mentale blokkeringar og frosse energi.

Du treng inga erfaring med yoga eller gongbad for å delta.

Dette kan du delta på:

Kl. 11.00 – 12.30 Sauna.

Kl. 12.30 -13.30 Heimelaga og smakfull liten lunsj.

Kl. 13.30 – 16.00 Yin yoga og gongbad.

Kl. 16.00 – 16.30 Tè og mingle for den som ønsker før heimreise.

TID: 14. mars kl. 11.00 – 16.00.
STAD: Døvingssida 10.
LÆRARAR: Tina G. Holmeset og Merete Myklebust.

PRIS/PÅMELDING: 970,- pr person inkl. lunsj, té/kaffi og snacks, handduk og yogamatte.
Du melder deg på ved å fyll ut booking nede på heimesida her. Du mottek ei innbetalingslenke som du betalar via vipps eller bankkonto. Betaling stadfestar påmeldinga.

Det er binande påmelding og betalt billet blir ikkje refundert, men kan selgast vidare.

Overnatting? Vi har to soverom med to senger i kvart til utleie. Kr. 800,- pr person inkl. frukost.

Alle hjarteleg velkomen!

💚 Tina & Merete

PS! Vi har plass til 10 deltakerar.