#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 03/10/2026
11:00 - 15:30

Kategorier


Du er velkomen til å delta på eit kurs i baking av surdeigsbrød.

Surdeigsbakekunsten er gamal, men har vorte ein moderne måte å lage brød på. Når du først skjønar korleis surdeigsstartaren fungerar vil baking med surdeig gå veldig lett.

Det er få brød som smakar like godt som eit brød bakt på surdeig. Surdeigsbakst er eit sunt alternativ til kjøpebrød – kun basert på mjøl, vatn og salt. I tillegg til at det er ei god kjensle å arbeide med den – rett og slett litt terapeutisk:).

Dette er eit kurs for deg som ønskjer lære mate og ta vare på din eigen surdeigskultur, og få nyttige tips til å kunne bake nydeleg brød og rundstykker.
Merete har baka med surdeigskultur i over 7 år, og det har blitt ein lidenskapeleg hobby. Alle som har delteke på workshops, retrat eller overnatta her og ete frukost opp gjennom åra har smakt dei smakfulle og mettande produkta. Det er like spanande å bake kvar gong, du får energi og glede med på kjøpet.
Surdeigsbakst har eit høgt næringsinnhald, god smak, lettare for fordøyelsen (melkesyreaktivitet), er fermentert og stabiliserer blodsukkeret, opprettheld god balanse og bakterieflora i magen. Brøda held seg også saftige lenge.
Å bake surdeigsbakst tek litt tid og tolmodigheit, men er veldig artig og givandes.
Kva du vil lære:
Mate og halde ved like ein surdeigskultur.
Korleis brette, folde og «lese» surdeiga.
Forme og oppbevare deiga for godt resultat.
Lage mønster og steike ditt eige brød – som du får med deg.
Du får også med deg ein sterk kultur heim, samt eit hefte med oppskrifter og framgangsmåte.
TID: 03.10..2026, kl. 11.00 –  ca. 15.30.
PÅMELDING: Fyll ut namn og telefonnummer i Bookings nede på sida her. Du mottek så ein mail som stadfestar påmeldinga di. Du vil etter kvart få tilsendt ei betalingslenke.
PRIS: Kr. 1380,- pr person inkludert lunsj med smak av diverse surdeigsprodukt samt kaffi/tè.
Blir du hindra i å delta så kan du selge plassen din til nokon andre, men ikkje overføre den til eit seinare arrangement.
PS! Kun plass til 5 personar, så ikkje vent lenge med å melde deg på.
Velkomen til bakstedag:).
Merete

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00