#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 25/06/2021 - 27/06/2021
18:00 - 21:00

Kategorier


  Vi er klar for årets yogafest!  For 4de året på rad invitere vi til ei herleg yogahelg med yoga frå morgon til kveld. Årets festival vil ha fokus på din indre styrke. Vi er tre yogalærarar som ønsker tilby eit mangfald av yogaøvelsar for at kropp og sjel skal få påfyll, du få tid til å hente deg inn etter eit langt år med restriksjonar eller friske opp din yogapraksis. Her vil du finne inn til god og djup pust, mjuke opp kroppen og styrke deg mentalt.  Også ete sunn og nærande mat og ta saunabad saman med likesinna. Vi håpar du vil kjenne deg meir forankra i deg sjølv og kjenner på større overskot etter denne helga.

Vi startar vi opp alt kl. 17.00 på fredagen. De som kan kome tidleg blir gruppe 1 (G1). De som vil kome litt seinare, økta kl. 18.30 blir gruppe 2 (G2). For at alle skal få gjere yoga i det populære drivhusstudioet vårt så byter gruppe 1 og 2 på å vere der gjennom heile helga. Ta med eiga matte, pledd og pute.

PROGRAM:

FREDAG: KL. 15.00 – 17.30 Innsjekk.
G1 KL. 17.00 – 18.15: Merete dynamisk yoga. solhilsen + pust.
G2 KL. 18.30 – 19.45: Belinda: Dynamisk yoga.

Kl. 20.00 – 21.00 Kveldsmat                                                                                      Kl. 21.00 – 22.00 Velkommen og presentasjon.                                                         KL. 22.00 – 23.30 Nattsauna.

LAURDAG:

G1 yoga kl. 07.30 – 8.30 frukost kl 8.45-0915 Merete
G2 yoga kl. 08.35 – 09.35 frukost kl 09.45- 10.15 Belinda
G1 yoga kl. 09.30 – 10.45 Anette
G2 yoga kl 10.45 – 12.00 Belinda                                                                                                 Kl. 13 -14.00 Lunsj.
              Kl. 14-17.00 Pause. Høve til å ta eit sauna bad i vedfyrt og stor            sauna.                                                                                                                               G1 yoga kl 17-18.15 Merete
G2 yoga kl 18.15 – 19.30 Annette
Kl 19.30 – 20.00 Kvelds
G1 og G2 Meditasjon/yoga nidra/mantra kl. 20.30 – 21.30 Merete og Belinda.

SØNDAG:

G1 Yoga Kl 07.30 – 8.30 frukost kl 8.45-0915 Merete
G2 Yoga Kl 08.35 – 09.35 frukost kl 09.45 – 10.15 Belinda
G1 Yoga Kl 09.30 – 10.45 Merete
G2 Yoga Kl 10.45 – 12.00 Belinda                                                                                                Kl. 12.00 – 13.00 Pakke                                                                                                 Kl. 13 -14.00 Lunsj. Avslutning og farvel.

Lærarane Beldinda Gatten Strand, Annette Helen Barstad og Merete Myklebust er alle erfarne yogalærar som vil ta deg med på ei flott yogareise denne helga.

Belinda er frå Fosnavåg og underviser i Fosnavåg og Ulsteinvik til dagleg. Belinda  seier om sitt yogaliv; «Jeg husker første gang jeg gikk inn i Yogano, et vakkert studio i Ulsteinvik. Det var en Ashtanga II-klasse. Jeg ble advart i starten om at jeg kunne bli og prøve, og at jeg enten ville elske det eller aldri komme tilbake. Etter 75 minutter med å le av meg selv ble jeg hekta.»

Anette er utdanna sosionom og yogalærar og driv Unik Helse i Ålesund.  Anette jobbar no som Pust & Stress veiledar. Hennar spesialfelt er betydninga av og korleis pust, våre tankar, fysikk og våre følesar heng saman og påverkar kvarandre.

Merete har bygt opp Meretes Garden med meditasjon som eit viktig hjelpeverkty og kan ikkje få takka yoga og meditasjon nok for i dag å leve eit liv med god kontakt til følelsar, intuisjon og livet her og no. Som klassisk utdanna yogalærar vil ho undervise i det klassiske programmet, gje dynamisk morgonyoga og lang og djup Yoga Nidra avspenning på årets festival.

Saman vil vi lage ein fest denne helga, med trygge rammer rundt både det som gjeld smittevern og menneskeverd. Vi ønsker alle skal kjenne seg inkludert. Alder eller yogaerfaring skal ikkje vere noko hindring i å delta, men det er ein forutsetnad at du har normal god helse for å delta.

PÅMELDING: Send ein mail til life@meretesgarden.no og betal deltakaravgift på vipps tlf. 90570674 eller til kontonr. 40602663711. Merk «Yoga21».

Vi sel kun 20 pass. 16 med høve til glamping og 4 der du ordnar overnatting sjølv, gjerne ved å ta med eige telt.

Pass er alt bestilt så ikkje vent for lenge med å bestemme deg:).

PRIS: Kr. 4450,- pr. person. Inkluderer:

  • Alle yogaøkter,
  • Alle måltid, sncks, frukt og kaffi/te.
  • Sauna
  • Overnatting i 2-manns glamping telt med oppreidd seng, handdukar og såpe/shampoo i dusjen. Ein kan vere 3 i eit telt også om ønskeleg. Vi har også to rom innomhus.

 Pris ved eige telt: Kr. 3750,- pr pers.

Skulle du ha symptom på covid-19 ber vi deg om å avlyse. Det gir rett til tilbakebetaling av heile deltakaravgifta.

Hald deg frisk og ta godt hand om deg sjølv så lenge.

Namaste

Belinda, Annette og Merete