Dato / tid
Date(s) - 17/04/2023
18:00 - 19:30
Kategorier
Det er ekstra deileg å gjere yoga våren og samstundes kjenne energien i kroppen stige, i takt med sevja, mot lysare dagar. Kjenner du på at det skulle gjere godt å kjenne seg litt meir avspent og balansert og finne den gode roa? Ønsker å kome i form både fysisk og mentalt, trene gode pusteøvingar mm. så er dette eit kurs for deg. Det blir variert program og tilpassa gruppa. Vi startar dei med dei to første kurskveldane innomdørs, men satsar på fint vèr og varme så vi kan halde til i drivhusrommet, tett på naturen med lyd av sildrande vatn, utsikt til den meditative hagen og opplevinga av å ligge sjå opp i drivhustaket og himmelen når du ligg på yogamatta.
Yoga verkar vitaliserande, styrkar på same tid som mjukar opp muskulaturen, gir ro og klarheit. Dette kurset vil ha fokus på dynamiske yogasekvensar (ma. solhilsen), men også djupe gode avspenningar og pusteøvingar. Har du prøvt litt yoga før er dette eit kort fint vårkurs for deg.
TID: Måndagar kl. 18.00 – 19.30. 6 kveldar fom. 17.4 – 22.5.
PRIS: Kr. 1200,-.
STAD: Døving, Valldal.
PÅMELDING: Fyll ut bookinga nede på sida her. Du vil så motta ei kvittering og seinare ein velkomstmail. Du stadfestar betalinga di ved å betale inn deltakaravgift, kr. 1200,- til vipps mobilnr. 90570674 eller bankkontonr. 40602663711 (merk «yoga»). Betaling er bindande når kurset har starta.
Velkomen!
Mvh.
Merete
Adresse: Døvingssida 10. Org.nr. 993 763 845
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.