Dato / tid
Date(s) - 13/04/2026 - 25/05/2026
18:00 - 19:30
Kategorier
Velkomen til eit vårkurs i yoga for deg som ønsker møte våren med mjukgerande og styrkande yoga. Yoga verkar godt både på kropp og sinn. Du bygg mentalt fokus og styrke, lærer stressmeistring, held deg smidig og yoga fremjar balanse og ro. Med fysiske yogaøvingar, meditasjon, pusteøvingar og avspenning vil du kjenne på både energi, betre søvn og kroppsbevisstheit.
Det er eit ope nivå på kurset, dvs. kurset er tilpassa både deg som nesten ikkje har prøvt yoga før, til deg som har kjennskap til yoga.
Vi skal halde til innomhus første halvdel av kurset, men håper det blir varmt nok i drivhuset til å vere her i mai. Det er ei spesiell atmosfære og lys i drivhuset – og eit favorittrom for yoga. Ved å starte kl. 18.00 får vi med oss solvarmen før sola går ned.
Ta med ei yogamatte, pute og kom.
Du kan velge mellom å delta 6 eller 7 gongar. Drop -in går også an.
TID: Måndagar fom. 13.april – 25.mai, 7 gongar. Kl. 18.00 – 19.30.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her, og du mottek straks ein mail om motteke bestilling. Ein stadfestar bestillinga ved å betale deltakaravgift til Vippsnr. #531222 (Merete Myklebust). Påmelding er bindande. Du vil motta ein mail med generell informasjon innan oppstart.
PRIS: 7 gongar x 90 minutt kr. 1500,-, 6 gongar kr. 1320,-. Drop in kr. 250,- pr gong.
Alle hjarteleg velkomen!
Merete