#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 15/04/2024 - 10/06/2024
18:00 - 19:30

Kategorier


Velkomen til eit vårkurs i yoga for deg som ønsker møte våren med livgivande yoga styrker kropp og sinn, held deg smidig og gir balanse og ro innei. Med fysiske yogaøvingar, meditasjon, pusteøvingar og avspenning vil du kjenne på både energi, betre søvn og kroppsbevisstheit. Kjenner du på vårslappheit og behovet for å strekke deg, få opp energien og kome meir i kontakt med seg sjølv? – då vil du få glede av dette kurset på 6 kveldar.

Du vil lære gode avstressande øvingar, styrke musklar og utvikle deg mentalt som fysisk ved å gjere yoga jevnleg. Du blir betre til å ta vare på deg sjølv, meir fleksibel og mjuk i kroppen. Det er ope nivå, dvs. kurset er tilpassa både deg som nesten ikkje har prøvt yoga til deg som har erfaring frå før.

Vi skal halde til innomhus første halvdel av kurset, men håper det blir varmt nok i drivhuset til å halde til her i mai/juni. Det er ei spesiell atmosfære i drivhuset og ein favorittstad for yoga. Sansane blir stimulert på ein annan måte enn inne. Ved å starte kl. 18.00 får vi med oss solvarmen før sola går ned.

Ta med ei yogamatte, pute og kom.

Du kan velge mellom å delta 4 eller 6 gongar.

TID: Måndagar fom. 15. april – 10. juni. 6 gonger (opphald 20.5). Kl. 18.00 – 19.30.

PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her, og du mottek straks ein mail om motteke bestilling. Betal deltakaravgift til Vipps mobilnr. 90570674 (Merete Myklebust) eller kontonr. 40602663711 (merk «Yoga») innan oppstart. Påmelding er bindande. Du vil motta ein mail med generell informasjon innan oppstart.

PRIS:  6 g. x 90 minutt kr. 1250,-,  4 g. kr. 920,-.

Hjarteleg velkomen!

Merete

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00