#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 12/04/2023
18:30 - 20:00

Kategorier


Du er velkomen til å delta på eit kort yogaforløp i vår. Det er fint å gjere yoga om våren og samstundes kjenne energien i kroppen stige no når dagane er lysare og lenger.

Kjenner du på at det skulle gjere godt å kjenne seg litt meir avspent og balansert og finne den gode roa? Ønsker å kome i form både fysisk og mentalt, trene gode pusteøvingar mm. så er dette eit kurs for deg. Det blir variert program og tilpassa gruppa. Dette kurset vil ha fokus på dynamiske yogasekvensar (ma. solhilsen), men også djupe gode avspenningar og pusteøvingar. Har du prøvt litt yoga før er dette eit kort fint vårkurs for deg.

Yoga verkar vitaliserande, styrkar på same tid som mjukar opp muskulaturen, gir ro og klarheit. Vi veit at  helsegevinstane er mange ved utøving av yoga. Yoga er også god trening.

TID: Onsdagar kl. 18.30 – 20.00.  6 kveldar fom. 12.4 – 24.5 (opphald 17.5).

PRIS: Kr. 1200,-.

STAD: Stranda vidaregåande skule, 2e etg.

PÅMELDING: Fyll ut bookinga nede på sida her. Du vil så motta ei kvittering og seinare ein velkomstmail. Du stadfestar betalinga di ved å betale inn deltakaravgift, kr. 1200,- til vipps mobilnr. 90570674 eller bankkontonr. 40602663711 (merk «yoga»). Betaling er bindande når kurset har starta.

Velkomen!

Mvh.

Merete, yogalæarar (1000 t).

Meretes Garden Myklebust Org.nr. 993 763 845

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.