#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 12/01/2020
15:00 - 18:00

Kategorier


I 2020 skal vi våge å prøve ut nye ting, ha det kjekt, møtast og gjere mange helsebringande aktivitetar saman! Vi kastar oss på vinterbadebølgja og toppar det med vedfyrt varm sauna etterpå. Vekslinga mellom kulde og varme er ma. kjent for å stimulere blodomlaupet, setje fart i produksjon av endorfinar, styrke immunsystemet og gi velvære. Like viktig er det å møtast og gjere noko kjekt saman. Møt opp på badestranda på grandane i Valldal kl. 15.00 med badesko, lue, badedrakt og handklede. Du kan nøye deg med å vade eller ta den heilt ut og bevilge deg eit bad. Etter 30 – 45 minutt køyrer vi i 5 minutt opp i dalen til vår store og oppvarma sauna og fortsetter med utsveitting og avslapping i 2 timar. Lett servering av te og frukt.

TID: Kl. 15.00 på badestranda.

Ca. kl. 16.00 – 18.00, saunaen på Døving.

PRIS sauna: Kr. 250,- pr pers. inkl. 1 handduk, te og frukt.

PÅMELDING sauna:  Betaling = påmelding via Vipps, «Send, nr. 531222, sauna, betal». Min. 3 personar.

Antrekk sauna: Bikini/handduk/badebukse/badedrakt.

PS! Ønsker du vere med i ei bade/saunagruppe og få varsel om når det skjer? Så skriv «ja» i ein mail til oss.

Alle velkomne!