Dato / tid
Date(s) - 24/01/2026
11:00 - 17:00
Kategorier
Retreatdag med balsam for kropp og sinn
Yoga, varm lunsj, djup avspenning og spa
Nytt år og du er velkomen til å delta på ein yoga- og spadag for å styrke kropp og sinn.
Dette blir ein dag med klassisk yoga, eit varmt vegetarmåltid og rawfoodkake i hyggjeleg lag, meditasjon og yoganidra- ei djup og nydeleg avspenning før vi rundar av dagen i vår store og herleg finske sauna.
Tema for dette vinterretreatet; Tillit til din indre visdom. Korleis kan du gjennom å tune inn til kroppen og din essens finne svar og kva som er sant for deg? Meditasjon er einaste måte å oppdage vår gøymde natur. Denne laurdagen har vi spesielt kroppen med i meditasjonen.
Merete er yogalærar og driv Meretes Garden – eit retreatsenter med eit badehus og ønskjer deg hjarteleg velkomen til ein laurdag der du kan kome og roe ned, kjenne på velvære og ekte glede samt dele eit godt måltid saman med mange kjekke deltakerar.
Du vil bli guida inn i yogastillingane i eit roleg tempo slik at du får god tid til å kjenne etter, og merke deg sjølv. Hovud og kropp vil følgje kvarandre meir og meir iløpet av dagen, senka skuldrar, jorda og meir i flytsona.
Denne retreatdagen vil passe alle som kjenner seg stressa, har vondtar i kroppen, treng å lære koble av eller berre vil fylle på kontoen for eigenkjærleik og velvære.
Sauna har god verknad på oss mentalt som fysisk. Immunforsvaret blir styrka, vondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman. Treng du litt verdifull eigatid? Då vil dette vere staden for deg.
Programmet:
Kl. 10 30: Dørene opnar, servering av té.
Kl. 11.00: Roleg morgonyoga med djupe strekk, pusteøvingar samt meditasjon og tuning inn til essensen.
Kl. 13.00 – 14.30 Lunsj og beinstrekk.
Kl. 14.30: Yoga og yoga nidra.
Kl. 15.30 – 17.00 Sauna.
Tid: Laurdag 24.01.26.
Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Du stadfestar du påmeldinga di ved å betale deltakaravgift via ei tilsendt lenke.
Bindande påmelding. Ved sjukdom eller anna som kan kome i vegen kan vi hjelpe til å selge ubrukt billett.
Pris: Kr. 880,- pr person.
Maks 10 deltakerar.
Treng du overnatting? Vi har to rom med plass til 2 personar i kvart. Pris inkl. frukost kr. 800,- pr person.
Alle er varmt velkomen!
Merete – klassisk yogalærar, 1000 t
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.