#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 13/02/2021
11:00 - 15:00

Kategorier


Yoga med hjarte.

Velkomen til ein laurdag der vi skal ha fokus på hjartebevisstheit og solhilsen. Med hjarte inn i din yogapraksis vil du vil interessa for yoga halde seg meir vitalt levande og du held energien oppe. Vi skal denne første av 3 laurdagar gå stille og roleg gjennom solhelsing – Surya Namaskar – heilt på nybegynnarvis til dei litt meir avanserte utgåvene av denne kjente flytsekvensen med gode yogastillingar for heile kroppen. Det blir solhelsing med fokus på kvar enkelt stilling, pusten, energipunkta (chakra), med mantrasong mm.

Vi skal saman utforske yoga og spesielt solhilsen med eit ope hjarte dvs. med aksept og eit ope sinn.

Gle deg til ein laurdag med djupdykk ned i den mest kjente yogasekvensen i yoga. Du vil mykje truleg merke auka nærvær, fokus og smidigheit etter endt workshop. Passar for nye til øvde innan yoga.

Enkel vegetarsuppe for lunsj. Gi beskjed i påmeldinga om du har nokon allergi.

Det blir begrensa med plassar denne laurdagen for å ta vare på smittevernet – maks 6 personar. Min. 3 personar for å halde arrangementet.

Ta med eiga yogamatte, pute og pledd.

NÅR: Laurdag 13.2 kl. 11.00 – 15.00.

PÅMELDING/PRIS: Meld deg på via bookinga nedanfor. Betaling av kursavgift kr. 690,- pr person skjer til vipps nr 90570674 eller kontonr. 40602663711 – merk «Yoga». Betaling sikrar deg plass og vil bli retundert om du blir sjuk eller har symptom på covid- 19.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t).

Vi har rom i gjestehuset for overnatting ved behov.

Ta vare på deg sjølv, og bruk yoga for alt den er verdt.

Velkomen!

Merete

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.