#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 13/03/2021
11:00 - 15:00

Kategorier


God pust – kjelde til vår essensielle livsenergi

Velkomen til ein workshop laurdag der vi skal fordjupe oss i pust. Det blir fysisk yoga for å mjuke opp kroppen, lande og klarne sinnet. Det blir gode avspenningar og meditasjon. Du vil bli introdusert til heilt enkle, men også meir avanserte pusteøvingar som du seinare kan gjere sjølv dagleg eller ved behov. I yoga er det mykje fokus på pusten som eit reiskap til meir energi, forløyse spenningar, møte og arbeide med vondtar i kroppen og for å kunne finne ro og slappe av.

Du vil kjenne deg avspent og fylt opp på same tid etter endt dag, og nokså sikkert erfart nokon heilt nye pusteøvingar.

Passar for nye som for erfarne innan yoga.

Smakfulll vegetarsuppe for lunsj. Gi beskjed i påmeldinga om du har nokon allergi.

Det blir begrensa med plassar denne laurdagen for å ta vare på smittevernet. Min. 3 personar for å halde arrangementet.

Ta med eiga yogamatte, pute og pledd. Vi held 1 m mellom mattene for å overhalde gjeldande smittevernreglar.

NÅR: Laurdag 13.2 kl. 11.00 – 15.00.

PÅMELDING/PRIS: Meld deg på via booking nede på sida. Betaling av kursavgift kr. 690,- pr person skjer til vipps tlfnr. 90570674 eller kontonr. 40602663711 – merk «Yoga». Betaling sikrar deg plass, men vil bli returnert om du blir sjuk eller har symptom på covid- 19.

LÆRAR: Merete Myklebust (1000 t).

Vi har rom for overnatting om det er behov.

Ta vare på deg sjølv, og bruk yoga for alt den er verdt.

Velkomen!

Merete

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.