Dato / tid
Date(s) - 06/03/2026
18:00 - 20:00
Kategorier
Velkomen til nedstressande fredagsyoga.
Yin yoga er ei meditativ yogaform som har som mål å gi djup ro i kombinasjon med mjuke bevegelsar som skapar flyt i kroppen. Yin yoga er spesielt kjent for å hjelpe på stress og mjukgjere kroppen. Yin yoga løyser opp stramt bindevev, musklar og sener og løyser opp stivheit og ondtar. Vi held kvar øvingi ca 3 minutt og vi gjer stillingane til behageleg musikk slik at kropp og sinn kan får tid og rom til å roe ned.
Yogaprogrammet passar for alle enten ein har yogaerfaring eller ei. Vi vil avslutte yogaprogrammet med 20 minutt djup avspenning -Yoga Nidra. Yoga Nidra betyr medviten søvn og har ein god avspennande verknad på nervesystem, indre organ og på eit uroleg sinn.
Ta deg tid til å kome på denne avslappande fredag for å strekke ut, puste djupt og sleppe litt slitenheit og stress etter ei lang veke.
PRIS: Kr. 370,- pr person.
Betaling til vipps nr. 53122. Betaling av deltakaravgift vil stadfeste påmeldinga di.
TID/STAD: 06.03 kl. 18.00 – 20.00. Stranda vg. skule, aulaen.
Ta med yogamatte, pledd og ei litt fast pute. Augepute om du har.
Alle hjarteleg velkomen.
Merete Myklebust (yogaærar)
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.