#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 06/11/2026
18:00 - 20:00

Kategorier


Kva kan vere betre enn å gå inn i helga på ei yogamatte? Få hjelp til å sleppe ei lang veke, og bruke novembermørket til meditativ sjølvrens? Velkomen til nedstressande fredagsyin.

Yin yoga er ei meditativ yogaform som har som mål å gi djup ro. I kombinasjon med mjuke bevegelsar som skapar flyt i kroppen, er yin yoga er særleg kjent for å hjelpe på stress, mjukgjere musklar og bindevev samt gi ei god kjensle inne i deg.  Vi held kvar øvingi ca 3 minutt og vdet blir spela behageleg musikk til, slik at kropp og sinn kan får tid og rom til å roe ned.

Yogaprogrammet passar for alle enten ein har yogaerfaring eller ei. Vi vil avslutte yogaprogrammet med 20 minutt djup avspenning -Yoga Nidra. Yoga Nidra betyr medviten søvn og har ein god avspennande effekt på nervesystem, indre organ samt på eit uroleg sinn.

Ta deg tid til å kome på denne avslappande fredagen for å strekke ut, puste djupt og strekke deg ut av slitenheit og stress etter ei lang veke.

PRIS: Kr. 390,- pr person.

Betaling til vipps nr. 53122. Betaling av deltakaravgift vil stadfeste påmeldinga di.

TID/STAD: 6. november, Døvingssida 10, Valldal. Kl. 18.00 – 20.00.

Vi held med yogamatte og pledd. Ta med augepute, om du har.

Alle hjarteleg velkomen.

Merete Myklebust (yogaærar 1000 t)

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00