#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 05/05/2019
17:00 - 19:00

Kategorier


Dette er kvelden for djup avspenning. I knappe to timar køyrer vi eit roleg yin yoga program som har som mål å løyse opp stramt bindevev, strekke og tøye heile kroppen.
 
I ein krevjande kvardag gjer det godt å roe heilt ned, dessutan vil yin yoga komplimentere dei aktive yogatimane. Vi arbeider oss inn i passive yogastillingar (sittande og liggande) i 3-5 minutt for å frigjere og tøye bindevev og ledd. Fokus på å opne opp området rundt rygg, hofter, skuldre og skape balanse i kroppen.
 
Det blir undervist med roleg musikk og dempa belysning. Denne klassa er designa for at du skal få nyte åleinetid i stillheit, ro og forløyse stivheit og vondtar. Yin yoga er særleg kjent for å hjelpe på stress og er gode restorative øvingar som er fine å nytte etter f.eks. trening eller trimturar. Programmet passar for alle enten ein har yogaerfaring eller ei.
 
Vi avsluttar med 15 minutt djup avspenning (Yoga Nidra). Yoga Nidra betyr bevisst søvn og har ei god avspennande verknad på vårt nervesystem, indre organ og på eit uroleg sinn. Ta deg tid til å kome på ein avslappande søndag her i Raw reklame sine luftige og fine lokaler.
 
Du treng ingen forkunnskap om yoga for å bli med. Ver forsiktig med å ete eit tungt måltid dei siste 2 timane før.
 
Utsagn etter yin yoga kveld: «Å, ka deileg», «Detta trengte eg», «Dette gjorde godt», «Gjorde godt-vondt», «Sov betre enn på lenge».
 
STAD: Raw Reklame, 3dje etg, Pi-bygget.
 
LÆRAR: Merete Myklebust
 
PRIS/BETALING: Kr. 350,- pr person (rabatt for kursdeltakarar). Vippsbedrift: Trykk «betal» #531222 «yin yoga» eller «yoga», legg til tlfnr. (om 1 gong), trykk «betal».
Kontonr. 40602663711 merk «yoga».
 
TID: 05. mai kl. 17.00 – 19.00.
 
Ta med ei matte, pledd, pute og kom:).
Servering av te til slutt til den som ønsker vere igjen litt.
 
Alle velkomne!
 
Påmelding via booking nederst på sida her. Ein forutset min 6 personar.

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.