Dato / tid
Date(s) - 06/11/2022
17:00 - 20:45
Kategorier
Velkomen til ein søndag for kropp og sjel med varm sauna og yin yoga, djup avspenning og litt å bite i. Søndag 06. november kan du kome tll varm sauna og lauge kroppen, kjenne skuldrane senke seg og den velgjerande varmen reinse innvendig som utvendig. Vi serverer finsk sauanpannekake til. Så kan du vere med på ei meditativ yogaøkt, yin yoga, der ein gjer alle øvingar nede på matta. Kvar stilling blir helde i ca. 3 minutt for å jobbe djupt inn i muskulatur, ledd og bindevev. Det blir jobba med rygg og nakke og alle kan delta sjølv utan anna yogaerfaring. Ingen prestasjon berre lytte og gå inn i stillingane på kroppen sine betingelsar. Vi brukar pledd, puter og polsterar for å støtte opp kroppen om nødvendig, og prøver gjere det heile til ei komfortabel oppleving. Ein jobbar med kroppen for å hjelpe den sleppe spenningar, samtidig vil ein merke ogå sinnet slappar av. Vi avsluttar med Yoga Nidra – ei djup og lang avspenning. Du vil kjenne deg meir opplagt samtidig avslappa og lett og ledig i kropp og sinn etter endt økt.
Mange melder om god søvn eller berre det å kjenne på ei god velværekjensel inni seg.
TID: Søndag 06.11 kl. 17.00 – 21.00. Sauna open mellom kl. 17.00 – 18.45. Yin yoga kl. 19.00 – 20.45.
PÅMELDING: Fyll ut booking nede på sida her.
PRIS: Kr. 690,- for sauna, servering og yin yoga. Kun sauna kr. 350,- pr person inkl. servering. Kun Yin yoga Kr. 390,- inkl. te/snacks servering etterpå. Betaling ved påmelding eller seinast innan 04.11 til vipps tilf. nr. 90570674.
Vårt kjære badehus blei ferdig for 5 år sidan og vi feirer det med gode tilbod. Få 10% på alle yogaklede frå Asquith denne kvelden.
Alle velkomen.
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.