#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 13/09/2020
18:00 - 20:00

Kategorier


Yin yoga er den enklaste form for yoga samstundes som den verkar djupt ned i muskulatur og bindevev. Yin og yang skaper balanse i kropp og sinn – det heng så fint saman. Yin står for det feminime aspekt; lytte, vere, merke, passiv oppmerksom osv. Yang, det maskuline akspekt, – er med i form av enkle dynamisk bvegelsar som løyser opp mellom yin- øvingane.

Ei økt med yin yoga framkallar kjensle av velvære, klarheit og du vil kjenne deg mjukare i kroppen.

Vi blir i drivhuset om varmt i veret, elles i rommet ved sidan av.

Det blir 1,5 t meditative strekk som du held i 2-5 minutt for så å avslutte med 15 min djup avspenning (yoga nidra).

Ta med: Matte, teppe, pute, drikkeflaske.

Servering av te etter økta.

Pris: Kr. 370,- pr pers. Betaling på førehand til kontonr. 40602663711- merk «yin» eller Vipps nr. 531222, innan 12.09.

Bestilling: Fyll ut bookinga på sida her.  Maks 10 stk.

Alle hjarteleg velkomne!

Smittevern: Vi sørger alltid for reine lokaler før eit arrangement, har handdesinfeksjon og held 1m avstand mellom yogamattene. Personar som ikkje er i form ber vi om å halde seg heime.

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.