#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 06/06/2021
17:00 - 19:00

Kategorier


I yin yoga går vi sakte men sikkert gjennom kroppen i ein avslappande meditasjon før vi går inn i djupe strekk for å løyse opp stivheit og hjelpe kroppen slappe av.  I rolege bevegelsar blir musklar og bindevev mm. strekt og «stressa» på ein god måte slik at du vil kjenne ein større feksibilitet, velvære og ro etterpå. Yin yoga er som meditasjon i bevegelse; ein er merksam på heile seg under vegs, øver aksept og kjenner på sine fysiske som mentale grenser. Vi avsluttar timen med Yoga Nidra – ei lang og djup avspenning.

Mange elskar yin yoga. Det hjelper ma. for god søvn, bearbeide stress og løyse opp vondtar i kroppen. Ein ikkje treng ikkje spesiell kunnskap om yoga på førehand, berre innstilt på å vere med på ei reise gjennom kroppen. Særleg hofter og skulderparti vil bli jobba godt med denne gongen.

Er det god temperatur ute har vi timen i drivhuset til fugklekvitter og mykje frisk luft. Ta uansett med godt med klede, gjerne fleire lag på så du kan regulere temperaturen.

Når: KL. 17.00 – 19.00.

Påmelding/pris: Fyll ut bookinga nedanfor. Og betal på vipps nr 90570674 kr. 390,-.

Enkel servering av te og litt nøttesnacks før og etter arrangementet. Dørene opnar kl. 16.30 og ein er velkomen til å kome slappe av med ein te eller starte avspenning på matta si.

Vi har også eplemost, naturelege spaprodukt og yogaklede av bambus i butikken.

Alle velkomne!

 

Merete

Bookings