Dato / tid
Date(s) - 27/02/2022
18:30 - 20:30
Kategorier
Kjære alle, no kan du igjen vere med på ein mjukgjerande yin yoga søndag. Gjennom djupe gode strekk vil du gradvis kjenne korleis kropp og sinn blir meir bevegeleg og revitalisert. Ei yin yoga økt er som ein meditasjon; Du har god tid i kvar øving og kan lett følge med mentalt kva som kjennest bra ut samt ha bevisstheit på kropp og sinn og bli meir bevisst deg sjølv.
Alle øvingane skjer liggande på matta, vi held kvar stilling i ca. 3 minutt, og vi avsluttar med ei lang god avspenning til slutt – Yoga Nidra.
Ein treng ingen forkunnskap, alle med in rimeleg sunn og frisk kropp kan delta. Det viktige er å vere respekt- og hensynsfull til eigen mobilitet og kropp.
Tidlegare deltakarar seier ma.; «Utruleg deileg», «som så godt etterpå», «godt og vondt på same tid».
Ta med: Yogamatte, eit godt pledd og ei fast pute.
Ha på: Mjukt tøy med minst mogleg kanppar og glidelås. Gjerne eit par lag og ullsokkar så du kan regulere varmen sjølv.
Tid: 27.02.22 kl. 18.30 – 20.30.
Pris: Kr. 380,- pr person.
Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her. Du vil så motta ein mail som kvittering og seinare ein mail med meir informasjon.
Betaling: Vipps tilf. 90570674 eller bankkontonr. 40602663711, merk «yoga». Betaling = stadfesting av bestillinga di. Bindande betaling, men full refusjon ved akutt sjukdom.
OBS! Om du ønsker kome og sjå på alt det nye fine yogakleda vi har fått inn til yogashopen kan du kome litt før. Dørene opnar kl. 18.00.
Servering av te og litt snacks etter yogaen for den som ønsker vere att litt.
Alle velkomne!
Merete (yogalærar)
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.