#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 22/05/2022
18:00 - 19:45

Kategorier


Meditativ yoga, ei merksemd på kroppen gjennom lange strekk og posisjonar du held for å la stress, uro, vondtar mm. få tid til å gje slepp. Yin yoga er som ei reise gjennom kropp og sinn, mjukgjerande og styrkande på same tid. Alle øvingar foregår liggjande på ei yogamatte. Du får god innføring i kvar posisjon, alt går roleg og mindfullt for seg med nærvær og samtidig fokus på pust. Yin yoga er langsam yoga av enkle øvingar som ein held i 3- 5 minutt. Vi avsluttar økta med ei lang og djup avspenning – yoga nidra.

Etter ei økt med yin yoga vil du kjenne deg ledigare i kroppen, avslappa og kjenne på velvære. Mange melder om betre søvn, meir ro og berre det å kjenne seg vel.

Etter vi er ferdige med yoga er det rom for å vere att og nyte ein kopp te og litt snacks.

Vi skal halde til i glasdrivhuset på garden, noko som tilfører timen ein ekstra kvalitet.

Du treng ingen forkunskap om yoga for å vere med.

Ta med:

  • Yogamatte
  • Pledd
  • 1-2 faste puter ev. yogaklosse.
  • Lette og ledig tøy, også varmt tøy og sokkar.
  • Drikkeflaske

Tid: Søndag 22.mai kl. 18 – 19.45.

Pris: Kr. 390,- pr. deltakar.

Påmelding: Fyll ut bookinga nederst på sida her og vent på ei stadfesting pr mail. Betaling av deltakaravgift stadfestar påmedlinga di. Vipps til tlf. 90570674 eller kontonr. 40602663711 – merk «yin».

Alle velkomne.

 

Merete

 

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.