Dato / tid
Date(s) - 07/11/2021
18:30 - 20:15
Kategorier
Vi startar økta med ei kort inntuning til her og no, går så inn i enkle og djupe stilingar som du held i ca 2-5 minutt. Slik kan du lett følgje med på det som skjer i kropp og sinn. Det blir god tøying særleg i hofte/bekken og rygg/skulderområde. Vi nyttar ikkje typiske yogastillingar, og alt foregår sitjande eller liggande. Vi avsluttar med ei lang avspenning, yoga nidra, der kropp og sinn får ein god kvil.
Det blir nytta syngebolle og meditativ musikk under vegs.
Praktisk informasjon: Ta med eige teppe, pute samt yogamatte. Har du bolster eller korkklossar kan du ta dei med.
Mange melder tilbake etter ei økt at dei søv betre enn på lenge, kjenner på ei god ro og meir ledig i kropp og sinn.
Tid: Søndag 7. november kl. 18.30 – 20.15.
Kvar: I gjestehuset på senteret.
Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her.
Pris: Kr. 370,- pr person. Betaling = stadfesting av påmelding til vipps tlf. nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711, merk «yin». Det blir lett servering av te og snacks etter økta.
Kom kun om du er frisk. Skulle du ha symptom på korona får du deltakaravgift refundert.
Velkomen til ein herleg søndagskveld med yoga.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.