Dato / tid
Date(s) - 01/02/2026
16:00 - 18:00
Kategorier
Yin og yang – balanse mellom djupe og lange strekk og roleg bevgelse
Ver velkomen til ein søndag med gode og djupe yogaøvingar for å løyse opp spenningar og stivheit. Yin – yoga er særleg bra for å stresse ned og betre søvnkvaliteten. Alle yogaøvingane foregår liggjande eller sitjande og blir helde nokre minutt for å kome djupt ned i muskulatur og ledd. Vi avrundar økta med ei lang og god avspenning til roleg musikk.
Kjenner du på at du sjeldan slappar heilt av? Skulle du ønske det var lettare å falle i søvn? Yin yoga kan gje eit godt bidrag inn i desse ønska. I tillegg får du hjelp til å koble ut og kjenne på meir indre ro.
Passar for alle. Inga forkunnskap nødvendig.
TID: Søndag 4.januar kl. 16 – 18.00
PRIS: Kr. 370,- pr person. Inkl. servering av tè.
PS! Er du student? Ta kontakt for redusert pris.
PÅMELDING: Fyll ut Bookings nede på sida her. Du mottek så ei stadfesting pr. e-post, ei betalingslenke og betaling stadfestar påmeldinga di.
Plass til 9 deltakerar.
Alle velkomen!
Merete