#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 17/10/2021
18:30 - 20:00

Kategorier


Velkomen til ein deileg avslappande yin yoga søndag. Her kan alle delta uansett erfaring med yoga frå før. I yin yoga strekker ein musklar, ligament og løysnar på bindevevet. Yin yoga ein god måte å tilføre meir bevegelse og fleksibilitet i kroppen.

Vi startar økta med ein kort meditasjon, går så inn i enkle stilingar som du held i fleire minutt, frå 2-5 min. Slik får spenningar tid og sjangs til å gje slepp. Det blir djup tøying i særleg hofte/bekken og rygg/skulderområde. Det er ikkje typiske yogastillingar, og alt foregår sitjande eller liggande. Til slutt avsluttar vi med ei lang avspenning der kropp og sinn får ei god kvil. Ein vil nytte syngebolle som gir fine tonar og vibrasjonar under vegs.

Praktisk informasjon: Det er varmekablar i golvet og avspenning på lun avspenningsmatte av ull. Ta med eige teppe og pute samt yogamatte. Om ingen er allergisk vil ein ha diffuser med eterisk olje på under avspenninga.

Mange melder tilbake dei søv betre enn på lenge, kjenner seg meir ledige i kropp og sinn og at yin yoga gjorde «godt-vondt».

Tid: Søndag 17. oktober kl. 18.30 – 20.00.

Kvar: I «gamlepakkhuset» på senteret.

Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her.

Pris: Kr. 370,- pr person. Betaling = stadfesting av påmelding til vipps tlf. nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711, merk «yin». Bindande påmelding etter 10.10.

Kom kun om du er frisk. Skulle du ha symptom på korona får du deltakaravgift refundert.

Velkomen til ein herleg søndagskveld med yoga.

 

Merete

Yogalærar

Bookings