Dato / tid
Date(s) - 07/05/2023
18:00 - 20:00
Kategorier
Velkomen til ein avslappande yin yoga søndag med djupe strekk og lang god avspenning på programmet. I yin yoga strekke ein musklar, ligament og sener samt gjer bindevev meir fleksibelt for å motverke stivheit og på ein god måte tilføre meir rørsle og fleksibilitet i kroppen.Yin yoga er ei enkel form for yoga samstundes som den verkar djupt ned i muskulaturen. Yin saman med yang skaper balanse i kropp og sinn – det heng så fint saman så vi tek med yang i form av enkle dynamiske rørsler som løyser opp mellom yin- øvingane. Yin står for det feminime aspekt; lytte, vere, merke, passiv merksemd. Yang – det maskuline akspekt som td. aktivitet og styrke.
Ei økt med yin yoga kan gje kjensle av auka velvære, meir klarheit, ro og god søvn.
Det blir 1,5 time med gode strekk som kvar blir halde i 3-5 minutt. Dei fleste stillingane liggande på matta. Vi avsluttar med ei 15 – 20 min yoga nidra der kroppen ligg heilt i ro og du kjem ned i ei djup avspenning.
Ein treng inga kjennskap til yoga for å delta.
Tid: 7.mai kl. 18.00 – 20.00.
Stad: Stranda vg. skule, 2 etg. rom 208.
Ta med: Yogamatte, teppe, pute , ev- korkklosse, drikkeflaske.
Pris: Kr. 370,- pr pers. Betaling stadfestar påmeldinga di. Førehandsbetaling til Vipps, mobilnr. 90570674 ev. kontonr. 40602663711- merk «yin».
Bestilling: Fyll ut bookinga på sida her. Plass til 10 personar så ikkje vent for lenge med å melde deg på.
Alle hjarteleg velkomne!
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.