Dato / tid
Date(s) - 11/12/2022
17:00 - 18:50
Kategorier
Velkomen til ein deileg og avslappande yin yoga søndag. I yin yoga strekke ein musklar, ligament og løysnar på bindevev for på ein god måte å tilføre meir rørsle og fleksibilitet i kroppen.Yin yoga er ei enkel form for yoga samstundes som den verkar djupt ned i muskulaturen. Yin saman med yang skaper balanse i kropp og sinn – det heng så fint saman så vi tek med yang i form av enkle dynamiske rørsler som løyser opp mellom yin- øvingane. Yin står for det feminime aspekt; lytte, vere, merke, passiv merksemd. Yang – det maskuline akspekt som td. aktivitet og styrke.
Ei økt med yin yoga kan gje kjensle av både velvære, meir klarheit og god søvn.
Det blir 1,5 time med gode strekk som kvar blir halde i 3-5 minutt, dei fleste stillingane liggjnade nede på matta. Vi avsluttar med ei 15 – 20 min djup guida avspenning (yoga nidra) der kroppen ligg heilt i ro.
Ein treng inga kjennskap til yoga for å delta.
Ta med: Yogamatte, teppe, pute , ev- korkklosse, drikkeflaske.
Pris: Kr. 370,- pr pers. Betaling stadfestar påmeldinga di. Førehandsbetaling til Vipps mobilnr. 90570674 ev. kontonr. 40602663711- merk «yin».
Bestilling: Fyll ut bookinga på sida her. Plass til 10 personar.
Alle hjarteleg velkomne!
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.