#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 28/11/2021
18:30 - 20:15

Kategorier


Velkomen til ein deileg avslappande yin yoga søndag. Her kan alle delta uansett erfaring med yoga frå før. I yin yoga tøyer ein musklar, ligament og løyser på bindevevet ved å halde ei stilling i fleire minutt. Yin yoga er ein god måte å tilføre meir bevegelse og fleksibilitet i kroppen. Mange opplever seg meir avslappa og søv ekstra godt etter ei yin yoga økt.

Vi startar økta med ei kort inntuning til her og no, går så inn i enkle stilingar som du held i ca 2-5 minutt, og du kan i lavt tempo følgje med på det som skjer i kropp og sinn. Det blir djup tøying i særleg hofte/bekken og rygg/skulderområde. Det er ikkje typiske yogastillingar, og alt foregår sitjande eller liggande. Vi avsluttar med ei lang avspenning der kropp og sinn får ein god kvil.

Det blir nytta syngebolle og meditativ musikk under vegs.

Praktisk informasjon: Ta med eige teppe, pute samt yogamatte.

Mange melder tilbake etter ei økt at dei søv betre enn på lenge, kjenner seg meir ledig i kropp og sinn og at yin yoga gjorde «godt-vondt».

Tid: Søndag 28. november kl. 18.30 – 20.15.

Kvar: I Pi-bygget, 3dje etg. RawReklame sitt studio. Inngang ved sidan av Europris.

Påmelding: Fyll ut booking nede på sida her.

Pris: Kr. 370,- pr person. Betaling = stadfesting av påmelding til vipps tlf. nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711, merk «yin».

Kom kun om du er frisk. Skulle du ha symptom på korona får du deltakaravgift refundert.

Velkomen til ein herleg søndagskveld med yoga.

 

Merete

Yogalærar

Bookings