Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 15/12/2019
17:00 - 19:30

Kategorier


Yin yoga er ei meditativ yogaform som har som mål å gi djup ro i kombinasjon med mjuke bevegelsar som skapar flyt i kroppen. Yin yoga er spesielt kjent for å hjelpe på stress og mjukgjere kroppen. Yin yoga løyser opp stramt bindevev, strekke ligament og sener rundt ledd og forløyse stivheit og vondtar. Yin yoga er ei litt spesiell yogaform sidan ein held ein strekk i 2-5 minutt.  Vi gjer stillingane til behageleg musikk i bakgrunnen og dempa belysning. Programmet passar for alle enten ein har yogaerfaring eller ei. Etter ei lita pause avsluttar vi med 20 minutt Yoga Nidra på avspenningsmatter av ull. Yoga Nidra betyr bevisst søvn og har ein god avspennande verknad på vårt nervesystem, indre organ og på eit uroleg sinn.

Ta deg tid til å kome på denne avslappande søndagen før jul som vi gjer litt ekstra ut av. Du kan kome ein time før arrangementet startar og kose deg med litt god drikke framfor peisen eller sjå om du finn nokon gåveemne i spa-og yoga shopen. Det blir også høve til å prate med Merete om yoga og helse, våre tilbod framover eller berre om laust og fast.

Utsagn etter yin yoga kveld: «Å, ka deileg», «Detta trengte eg», «Det gjorde godt», «Sov betre enn på lenge», «Det gjorde godt-vondt».

PRIS: kr. 370,- pr person pr. kveld.

TID/STAD: 15.12 Kl. 17.00 – 19.30. Døvingssida 10, Valldal.

LÆRAR: Merete Myklebust.

Servering av te, nøtter og frukt i pausa.

Betaling: Vipps (bedrift) «Kjøp og betal» #531222 «yin yoga». Eller bankkontonr. 40602663711 merk «yoga».

Alle velkomne!

Påmelding via booking nedanfor.

Bookings