Kart utilgjengelig

Dato / tid
Date(s) - 23/02/2020
18:00 - 20:15

Kategorier


Yin yoga er ei meditativ yogaform som har som mål å gi djup ro i kombinasjon med mjuke bevegelsar som skapar flyt i kroppen. Kjenner du deg stiv og lite fleksibel i kroppen? Yin yoga er spesielt kjent for å hjelpe på stress og mjukgjere kroppen. Yin yoga løyser opp stramt bindevev, strekker ligament og sener rundt ledd og løyser på stivheit og vondtar. Ein held eit strekk i 2-5 minutt, men løyser også opp med yang øvingar som er meir dynamisk. Vi gjer stillingane til behageleg musikk i bakgrunnen og dempa belysning. Programmet passar for alle enten ein har yogaerfaring eller ei. Etter ei kort pause avsluttar vi med 15 minutt Yoga Nidra. Yoga Nidra betyr bevisst søvn og har ei god avspennande påverknad av vårt nervesystem, indre organ og på eit uroleg sinn.

Utsagn etter yin yoga kveld: » Litt godt/vondt, men veldig deileg», «Tida gjekk så fort», «Sov veldig godt etterpå»

PRIS: kr. 350,- pr person pr. kveld.

TID/STAD: 23.02.20 Kl. 18.00 – 20.15, Pi- bygget, 3dje etg. RawReklame sitt studio.

LÆRAR: Merete Myklebust.

Servering av te i pausa.

Betaling: Vipps (bedrift) «Kjøp og betal» #531222 «yin yoga» eller med bankkort ved inngangsdøra.

Alle velkomne!

Påmelding via booking nedanfor.

Bookings