#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 19/01/2021 - 09/03/2021
18:30 - 20:00

Kategorier


Bli med på 8 kveldar med yoga, her i Valldal eller online yoga på zoom. Mange har behov for å gå over dørstokken og møte andre for å gjere yoga, så du er velkomen hit i gamlepakkhuset på garden. Andre nyt å berre finne eit rom heime hos seg. Yoga via skjermen er rett så koseleg. Enkelt også, du loggar deg berre inn på zoom og registrerar deg. Så får du får tilsendt ei lenkje og klikkar på den, vipps er du inne i yogastudio. Det blir  meditasjon, pusteøvingar, avspenning og sjølvsagt mange mjukgjerande og styrkande yoga asanas (stillingar). Klassisk yoga har stillingar som du øver uthaldenheit i, men også meir dynamiske flytsekvensar som t.d. solhilsen.

I Valldal: Har du lyst å kome til studioet her i Valldal er du hjarteleg velkomen. Vi sender direkte, men du blir ikkje filma. Opplys i påmeldinga om du vel å kome på vanleg yogatime eller ønsker følgje online.

Blir vi av myndigheitene tvunge til å avlyse fysisk oppmøte pga. covid – 19 pandemien fortsette undervisninga på zoom. Betalt kursavgift blir ikkje tilbakebetalt.

Det blir 8 kveldar i 90 minutt med yoga som passar deg som har prøvt litt yoga før.

Opptak: Du kan melde deg deg på heile kurset og få to opptak tilsendt om du ikkje kan møte online. Opptak på førespurnad.

Tid: 19.01 – 09.03, 8 gongar.  Kl. 18.30 – 20.00.

Pris: Kr. 1500,- for 8 tirsdagskveldar x 90 minutt. 

Betaling: Kontonr. 40602663711 eller vipps tlf. 90570674 – merk «yoga».

Drop- in: Kr. 200,-. Påmelding seinast kl. 16.00 same kveld.

Påmelding: Via booking nede på sida her.

Velkomen!

 

Merete

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.