#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 06/09/2019 - 08/09/2019
18:00 - 22:00

Kategorier


Vi gler oss til å gjenta suksessen med yoga og kayak samt fjelltur. Denne helga vil gi både energi, ny kunnskap om padling og yoga samt gode opplevingar. Fredag startar vi med lett yoga, et varm suppe til kvelds og blir kjent. Laurdag dreg du ned til sjøen og får kyndig instruering i det å padle kayak med Valldal Naturopplevingar. Dette er eit godt hlve til å bli med på ein trygg, men opplevelesrik tur på UNESCOTafjord – ei sjeldan perle. Her blir det pik-nik med lokal og smakfull mat samt guiding og foteljingar, sikkert med nokon røvarhistorier også. På kvelden blir det avspenning, god 3 retters middag samt sauna og hygge. Søndag startar vi med mjukgjerande morgonyoga og frukost før vi dreg til fjells. Merete tek deg med på tur til hennar favorittstad.

Program:

Fredag: Kl. 18.00 Yoga  – kl. 19.30 kveldsmat – kl. 21.00 samling for å bli kjent.

Laurdag: Kl. 07.30 morgonyoga – kl. 09.15 frukost – kl. 11.00 kayak, kl. 16. Yin yoga – kl. 18.30 middag- kl. 20.30 sauna.

Søndag: Kl. 07.30 morgonyoga – kl. 09.15 frukost – ca. kl. 11.00 – kl 14. fjelltur

Hovudsakleg vil vi gjere klassisk yoga med asanas (fysiske øvingar), pranayama (pusteøvingar), meditasjon og avspenning. Det blir også lang og god dybdeavsepnning økt (Yoga nidra).

Bestilling gjer du ved å fylle ut Booking skjema nederst på sida.

Yogalærar: Merete Myklebust (1000 t).

PRIS: Kr. 2790,- for kayakkurs, yoga, overnatting, kvelds fredagen, 3 måltid laurdag og 2 søndag. Det blir servert smoothie og havregraut med nøtter og yoghurt mm. til frukost, lokal og mettande lunsj på kayakturen,og til kvelds blir det varm 3 rettar middag.

BETALING: Vipps «kjøp og betal» #531222 – Yoga + kayak workshop eller via bank kontonr. 40602663711 merk «workshop». Deltakaren betalar eit depositum, kr.1000,- ved påmelding, og restbeløpet ei veke før helga. Ein kan avbestille og få depositum tilbake inntil 24.august. Bindande betaling etter dennne dato.

PÅMELDINGSFRIST: 24. august.

 

Alle velkomne.

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.