Dato / tid
Date(s) - 21/09/2018 - 23/09/2018
17:00 - 22:00
Kategorier
Bli med på ei yogahelg med kayakpadling her i vakre Valldal. Fredagen startar med ei yogaøkt før til heimelaga kveldssupe mm. Vi startar laurdagen med morgonyoga, frukost og dreg så ned til fjorden der Valldal Naturopplevingar vil ta deg med på ein 4 timar guida Fjordtur på UNESCO verdsarvfjord Tafjord – ei ukjent perle. Du kjem att og gjer litt mjukgjerande yin-yoga før vi et middag og hygger oss saman i badehuset med sauna og sosialt samvær. Vi leiger også inn vår fisnke saunainstruktør og får innsyn i finsk saunahistorie og bruk. Søndag morgon er det deileg morgonyoga i drivhuset igjen før frukosten. Så pakkar vi niste og dreg på ein liten fjelltur i vakre omgivelsar opp mot Trollstigen. Så god variasjon og aktivtet frå fjord til fjell for den som blir med oss denne avstressande helga.
Kayak: Du treng inga erfaring med padling eller yoga for å delta. Det er plass til 8 så første mann til mølla.
YOGALÆRAR: Merete Myklebust
NÅR: 21.9 kl. 17.00 – 23.09 kl. 15.00.
PRIS: Yoga, guida kayaktur, servering vegetarmat, 2 overnattingar i tomannstelt samt sauna,saunainstruktør/rituale og guida fjelltur kr. 2650,- pr person. Plass til 8 personar.
Velkomne!
Bookings
Dette arrangementet er fullbooket.