#_LOCATIONMAP
Dato / tid
Date(s) - 05/10/2022
18:45 - 20:15
Kategorier
Dette er eit fortsetjarkurs frå grunnkurset. Her blir du betre kjent med avspenning og meditasjon og å utforske vegane til nærvær og fordjuping i alt frå yogastillingar til yoga nidra – avspenning. Du vil også få meir kjennskap til pusteteknikkar (pranayama). Ved sida av å utøve dei klassiske yogastillingane blir det også flytsekvensar som solhilsen mfl.
Yoga har mange gode verknader på kropp og sinn. Mange brukar yoga for å redusere stress, for betre rørsle i kroppen og andre ønsker gjerne få fatt i ei god kjensle av balanse og harmoni. Mange meldar om betre søvnkvalitet og meir velværekjensle.
Plass til 8 stk.
Du tek med eiga yogamatte, pledd og ev. pute.
TID: Onsdagar kl. 18.45 – 20.15. Oppstart 5.10 , 8 gongar 90 minutt.
Om ein ikkje kan kome på ein kurskveld har ein høve til å delta på ein oppsamlingskveld den 7.12.
KVAR: Stranda vidaregåande skule.
PRIS: Kr. 1650,-.
PÅMELDING: Fyll ut Booking nede på sida her. Du får også ein velkomstmail med informasjon innan oppstart.
BETALING: Ved påmelding for å stadfeste påmeldinga di (seinast innan oppstart). Vipps tlf. 90570674 eller kontonr. 40602663711 merk «Yoga».
Velkomen!
Merete Myklebust
Meretes Garden
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.