#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 13/04/2024
11:00 - 17:00

Kategorier


Gjer deg klar til ein dag med helse og velvære i fokus

Treng du å ta hand om deg sjølv, fornye energien med roleg yoga, gode strekk og rolege pusteøvingar så er dette ein dag for deg. Du er velkomen til ein laurdag med yoga, lunsj og sauna her i vakre Valldal. Kombinasjonen av yoga og sauna vil hjelpe deg koble ut kvardagsstress, roe sinnet, mjukgjere kroppen og styrke immunforsvaret. Det vil bli servert ein lett og smakfull lunsj og du vil garantert hygge deg her saman med mange andre. Ved å jobbe med kropp og sinn får ein hjelp til å frigje blokkeringar, styrke si mentale helse, senke stressnivået og hele ubevisste sår med ma. Yoga Nidra – avspenning. Yoga og sauna er akitivitetar som fremjar velværehormon og glede.

Du vil nokså sikkert merke meir klårheit, glede, ei kjensle av lettheit og at du kviler meir i deg sjølv iløpet av denne dagen.

Utespa: I april ventar vi å få på plass ein kaldpulp og utedusj som du kan kjøle deg ned med etter du har vore i sauna. Ein rask dupp eller kald dusj vil garantert vekre forfriskande og gje ein endorfinboost. Du kan verkeleg gle deg til å prøve ut vårt nye utespa. Håper mange finn vegen til vårt retreat denne laurdag,enten for å pleie seg sjølv, lære meir yoga og nyte dagen i spaet saman.

PROGRAM

  • Yoga
  • Lunsj
  • Sauna m/ handduk

Dørene opnar kl. 11.00 og du får tid til å lande og ta ein kopp tè.

KL. 11.30 – 13.30: Lang og god yogaøkt, meditasjon, mjukgjerande strekk og djup avspenning til slutt.

KL. 13.30 – 14.30 Lunsjvaffel og smoothie.

KL. 14.30 – 17.00 Sauna.

PRIS/PÅMELDING: Kr. 650,- pr person. Du melder deg på ved å fylle ut Bookings under her og mottek då ein mail om at du er registrert. Stadfest påmeldinga ved å betale deltakaravgift til vipps tlf. nr. 90570674 eller kontonr. 40602663711. Ver vennleg å merke innbetaling med «Yoga».

Alle hjarteleg velkomen.

Merete (yogalærar 1000 t).

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00