Dato / tid
Date(s) - 09/01/2022 - 13/01/2022
18:00 - 19:15
Kategorier
YIN YOGA SØNDAG 09.01.22 kl. 18.00 – 19.15.
Yin yoga er ein meditativ yogaform som består av få øvingar som du held i fleire minutt slik at bindevv og musklar får høve til å bli tøyd godt. Yin yoga går i eit roleg meditativt tempo slik at du vinn å følge med på både det som skjer i kropp og sinn. Etter endt time vil du kjenne deg roleg og opplagt på same tid. Vi avsluttar økta med ei god avspenning. Mange fortel om betre søvn, at det gjer godt/vondt eller at det berre er ei deileg oppleving. Passar alle uansett erfaring med yoga.
Du treng: Ei matte, pledd og pute.
Påmelding: Send mail till life@meretesgarden.no (viktig!). Betal deltakaravgift, kr. 210, til vipps tlf. 90570674, og du får straks tilsendt ei lenke til zoomtimen. Aller først må du registrere deg på zoom. Det er veldig enkelt å bli med. Ein føretrekk at alle deltakarar har kamera på.
KLASSISK YOGA TORSDAG 13.01.22 KL. 18.00 – 19.15.
Dette blir vel ein time med klassiske yogastillingar som gjer godt for rygg, nakke og søvn mm. Vi startar med ei kort avspenning, gjer yogastillingar som løyser opp spenningar i kroppen, aukar fleksibilitet, bygg styrke og gir ro. Det blir pusteøving og ei god avspenning til slutt.
Du treng: Ei matte, pledd og pute.
Påmelding: Send mail till life@meretesgarden.no (viktig!). Betal deltakaravgift, kr. 200, til vipps tlf. 90570674, og du får straks tilsendt ei lenke til zoomtimen. Aller først må du registrere deg på zoom. Det er veldig enkelt å bli med. Ein føretrekk at alle deltakarar har kamera på.
Hugs å oppgi kva yogaklasse du vil vere med på.
Lærar: Merete Myklebust