Dato / tid
Date(s) - 25/08/2020 - 13/10/2020
19:00 - 20:15
Kategorier
Online yoga i stova.
I haust blir yoga på Zoom eit godt suplement til enkeltståande timar med yin yoga og yoga + sauna kveldar her i Valldal. På Zoom kan alle vere med uansett kvar i landet ein bur.
Klassisk yoga er med både lette og avanserte pusteøvingar, kort og lang avspenning, meditasjon og sjølvsagt asans – yogastillingar komplett for kropp og sinn. Du vil etter endt kurs merke betre styrke i rygg og kjernemsukulatur, samt meir mjuk i nakke og kropp gjenerelt.
Bli med på alle 8 kveldane eller dei kveldane som passar for deg.
Tid: Tirsdagar kl. 19 – 20.15.
Pris: 8 kveldar à 75 min. kr. 1320,-
Kr. 180, pr drop in. (påmelding seinast kl. 15.00 same dag ved å vippse beløp til #531222 og sende mail til life@meretesgarden.no).
Påmelding: Fyll ut booking nedanfor. Viktig eg har rett mailadresse då det er via den eg inviterer deg til Zoom. Møt opp online 10 min innan vi startar for å sikre deg at alt verkar. Du kjem via ei lenke inn i eit venterom og så vidare til «møterommet». Her er det valgfritt om du vil ha kamera på eller av (utøverar blir synleg som eit lite skjermbilde på alle sine skjermar).
Ønsker du 30 min. privat veildning for å finne passande yogaøvingar/program til deg sjølv finn vi tid til det under vegs i forløpet.
Det er veldig kjekt å etablere ein heime-yoga praksis, så finn deg ein koseleg krok i heimen som du gjer om til DI yogakrå.
Alle velkomen!
Merete
Yogalærar (1000 t)
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.