#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 03/08/2018 - 06/08/2018
00:00

Kategorier


Klassisk yoga retreat

Lyst til å utforske yoga litt meir? Yoga er så mykje så for å kome litt under overflata av både yoga og seg sjølv er det godt å få tid til å fordjupe seg. 4 dagar i august vil du få moglegheit til å lande, finne ny energi, klarheit og ro. Du vil kunne erfare korleis minimalt av stimuli, koble deg av omverda samt turar i naturen gir ny energi og velvære. Du får både tid for deg sjølv og sosialt samvær. Eit retreat er å trekke seg tilbake frå daglege syslar og gjeremål, tid til å fordjupe seg, reflektere over livet, ein gammal metode i ei moderne verd. Kvalitetstid til seg sjølv er ein luksus og vi vil legge alt til rette for at du skal få 4 rike dagar her i vår vesle oase på Døving i Valldal.

Vi vil ete rein og god vegetarmat, gå turar i skog og mark, etter morgonyoga midtveis i retreatet vil du få heile dagen til din disposisjon. Vi vil i løpet av veka vere stille saman, gjere mykje yoga, hygge samtidig som du får god tid til berre å vere deg, og med deg.

Meretes Garden har unike lokalitetar i eit ombygt gartneri. Der det før vaks blomster har vi no yoga i eit glasdrivhus med ei tett-på-naturen stemning. Drivhuset gir lun temperatur om veret er litt surt. Frå yogalokalet ser du inn i zen-hagen der vi vil meditere eller berre site ned og lytte til vatnet som sildrar i den vesle karpedammen. I fint ver tek vi yogamatta med ut og gjer yoga under open himmel. Det blir også fjelltur og meditasjon.

Meretes Garden er spesielt bygt opp med det formål å fremje harmoni, utvikling, livsenergi og samhald. Filosofien er at koppsbevisstheit gjer ein tryggare som menneske, mental bevisstheit er sentralt for å kunne ta vare på seg sjølv og andre på beste vis. Vi treng oasar til å puste og slappe av i, møteplassar som får fram det beste i oss. Namaste.

Du får ma. oppleve dette:

  • Morgon-, midtpådagen- og ettermiddagsyoga.
  • Overnatte i naturen i bomullstelt med gode senger.
  • Spise sunn og smakfull vegetarmat.
  • Vedfyrt badstu.
  • Massasje ev. veiledningstime.
  • Fjelltur med fjordutsikt.
  • Bli kjent med mange hyggelege mennesker.

Når: fredag 03.august kl. 15.00 – 06.august kl. 15.00.

Yogalærar: Merete Myklebust, utdanna frå Norges Yogalærerskole. 1000 t.

Pris: kr. 4200,-.

Tidleg-påmeldings-rabatt: Melder du deg på og betalar innan 10. juli får du kr. 400,- i rabatt og heile retreatet kostar då kun kr. 3800,-.

Bindande påmelding: Du bekreftar di påmelding på retreatet ved å betale eit depositum, kr. 1000,- for å sikre deg plass. Resterande beløp, betalar du inn seinast 20.07. Om du ombestemmer deg og melder deg av så kan du gjere det utan forpliktelsar heilt til 20.07. Ved avmelding etter denne dato blir det krevd eit administrasjonsgebyr på kr. 500,-. Ved sjukdom kan ein få gebyr samt kursavgift attende ved framvising av melding frå lege.

Kvar: Meretes Garden, Valldal.Du kan lese korleis reise hit på denne lenka http vegen til retreatet

Om du vil ta nokre dagar ekstra før eller etter retreatet kan du bu på retreat-senteret til retreat-pris (kr. 350,- pr.dgn), og oppleve alt frå vakre fjellturar til kjente stader som Trollstigen, Geiranger og Ålesund – kort veg frå Valldal. Også mange fine perler å by på her i dalen, spør oss om tips til utflukt.

 

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.