#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 10/08/2017 - 31/08/2017
Hele dagen

Kategorier


Vi gleder oss til også i sommar å arrangere yoga retreat i klassisk yoga her i Hagen i Valldal. Velkomen til helse-og velvære retreat i 4 heile dagar med alt kropp og sjel treng for å bli fylt opp og finne ro: Fysisk yoga, dybdeavspenning, meditasjon, zen-walk i hagen, arbeid med pust, god vegetarmat og hyggeleg selskap i trygge rammer her i Meretes Garden.

Eit retreat gir deg moglegheit til å koble av og stresse ned, bli kjent med fleire sider av yoga, ei moglegheit til å ete sunn vegetarmat og kjenne kva det gjer med kroppen. Her kan du erfare korleis minimalt av stimuli og koble deg av omverda samt turar i naturen gir ny energi og velvære. Du får både tid for deg sjølv og sosialt samvær. Eit retreat er å trekke seg tilbake frå daglege syslar og gjeremål, tid til å fordjupe seg, reflektere over livet, ein gammal metode i ei moderne verd. Kvalitetstid til seg sjølv er ein luksus og vi vil legge alt til rette for at du skal få 6 rike dagar her i vår vesle oase på Døving i Valldal. Vi byrjar med morgonyoga før frukost og fortsetter med to yoga økter til utover dagen samt ei sosial samling som er open for kreative påfunn på slutten av kvelden.

Maten: Vi legg vekt på god og smakfull mat med rett samansetning. Serverer vegetarmat, men vegansk mat lagar vi også om ønskeleg. Dessert blir av det naturen har å by på.

Midt på dag blir det ei lenger pause du kan disponere som du vil med tur ned til elva og «villbading», plukke bær, lese, sove, fotbad mm.

Du kan fylle på din retreatkonto og få enda meir helse ut av dagane: Blir det minimum 8 deltakarar blir vi to yogalærarar og kan i tillegg tilby private timar i klassisk velværemassasje og veiledning/coaching. Anita og Merete er leiarane for dette retreatet. Begge har ei lang og grundig yogalærerutdanning bak seg og har sjølv vore deltakarar på fleire retreats. Merete er i tillegg coach/terapeut og Anita massør.

Meretes Garden har unike lokalitetar i eit ombygt gartneri. Der det før vaks blomster har vi no yoga i eit glasdrivhus med ei tett-på-naturen stemning. Drivhuset gir lun temperatur om veret er litt surt. Frå yogalokalet ser du inn i zen-hagen der vi vil gjere groundande gå-meditasjon eller berre site ned og lytte til vatnet som sildrar i den vesle karpedammen. I fint ver tek vi yogamatta med ut og gjer yoga under open himmel. Det blir også fjelltur og meditasjon.

Overnatting: På senteret i Valldal vil du overnatte i komfortable senger i store tomanns-hotell-telt. Tilgang til badstu (med forbehold ferdig), meditativ hage og kort spasertur til den flotte elva Valldøla. Du kan bli med på utflukt til idyllisk seter eller båttur på fjorden.

Om du vil ta nokre dagar ekstra før eller etter retreatet kan du bu på retreat-senteret til retreat-pris (kr. 350,- pr.dgn), og oppleve alt frå vakre fjellturar til kjente stader som Trollstigen, Geiranger og Ålesund – kort veg frå Valldal. Også mange fine perler å by på her i dalen, spør oss om tips til utflukt.

Når: 10 -13. august 2017.

Første yogaøkt torsdag KL. 10.00, siste økt søndag kl. 10.30 – 12.00.

Kvar: Meretes Garden, Valldal.Du kan lese korleis kome deg hit på denne lenka http vegen til retreatet

Yogalærar: Merete Myklebust og Anita Breivik.

Pris: Kr. 4500,- inkl. yoga, overnatting torsdag til søndag og 3 måltid pr. dag.
Kontakt: Merete Myklebust tlf. 90570674.

Tidleg-påmeldings-rabatt: Melder du deg på og betalar innan 10. juli får du kr. 600,- i rabatt og heile retreatet kostar då kun kr. 3900,-.

Bindande påmelding: Du bekreftar di påmelding på retreatet ved å betale eit depositum, kr. 1000,- for å sikre deg plass. Resten av beløpet, kr. 3500,- betalar du inn seinast 10.07, ein månad før retreatet startar.
Om du skulle ombestemme deg og melde deg av så kan du gjere det utan forpliktelsar heilt til 03.07. Ved avmelding etter denne dato blir det krevd eit administrasjonsgebyr på kr. 500,-. Ved sjukdom kan ein få gebyr samt kursavgift attende ved framvising av melding frå lege.

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.