Dato / tid
Date(s) - 29/01/2021
18:00 - 21:00
Kategorier
Det er freddan og det nye året er godt i gang, kva passar vel då betre enn å ta vare på kropp og sinn med eit nedstressande fredagsspa. Kom så opplagt eller sliten du er og bli med på mjuk yoga med lette pusteøvingar, yoga som løyser opp stivheit og gode strekk. Etterpå blir det varm sauna med velgjerande eterisk olje i saunadampen, lett servering av frukt og noko smakfullt å bite i, kaffi/te og sjølvsagt mykje vatn.
Vi håpar på mykje nysnø som vi kan stupe uti mellom opphald i badstova.
Her blir:
- Yoga
- Sauna
- Vaffel på grillen
- Handduk
- Snøbad?
Ta med: Eiga yogamatte, ev. drikkeflaske og ekstra handduk.
Plass til kun 10 stk. pga smitteverntiltak som 1 m mellom mattene.
PÅMELDING/PRIS: Kr. 390,- pr person. Betal med vipps til tilf. 90570674 eller kontonr. 40602663711 – merk «yogaspa». Betaling = sikra plass.
Møt opp kun om du kjenner deg frisk og ikkje har symptom på covid-19.
Alle velkomne!
Merete
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.