#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 20/08/2023
18:00 - 19:45

Kategorier


Velkomen til ein søndag der du verkeleg kan slappe av og nyte livet, gje kropp og sjel velvære i mange former.  Til vene lydar frå syngebollar og gong vil Tina spele til mjukgjerande yin yoga. Merete instruere i mjukgjerande yoga – gode velgjerande strekk som ein held nokre minutt for at bindevev, musklar, muskelfeste mm. får tid til strekke seg ordentleg. Kropp og hovud får høve til å jobbe ilag. Stresshormon byter plass med velværehormon og du vil kjenne deg meir på plass i deg sjølv, kjenne på ei god ro og kjensle innei. Til slutt vil du ligge på ei avspenningsmatte og baerre ta imot lydane frå syngeskålene som Tina vil spele på. Vibrasjonane frå syngebollane gir kroppen ei god kvile og jobbar inn i kropp og sinn for å gløyse opp blokkeringar som måtte vere der.

Vår dyktige massør Gwendolen vil ta imot deg som ønsker massasje. 30 minutt der rygg og skuldrar får ei god behandling.

Når du reiser heim etter denne spasøndagen vil du kjenne på ei ny kvile, kontakt og harmoni innei. Du kan kome utan noko erfaring med yoga eller lydbad frå før. Vi vil gje god veiledning slik at alle vil få utbyte av å delta. Vi skal halde til i yogadrivhuset på garden, nært naturen omgjeve av alle elementa. Ønsker du overnatting i eit glampingtelt så kan du bestille det også.

Ta med: Yogamatte, pledd og pute. Gode varme klede.

Du vel om du vil bestille massasje, som er til spesialpris denne dagen. Begrensa plassar: Kr. 500,- for 30 minutt. Tidspunkt: KL. 15.25, 16.00, kl. 16.30, kl. 17.00.

Yin yoga og syngebollar: Kl. 18.00 – 19.30.

Tid: 20.8 kl. 18 – 19.45.

Pris: Kr. 410,-. Betaling ved påmelding. Bindande.

Vi treng min. 5 personar for at arrangmentet skal haldast. Så meld deg på her: life@meretesgarden.no

 

Alle velkomen.