#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 19/10/2024
10:30 - 17:00

Kategorier


Unn deg ein dag med balsam for kropp og sinn

Yoga, varm lunsj, djup avspenning og spa

Badehuset er 7 år i oktober og du er velkomen til å delta på ein yoga- og spadag for å styrke kropp og sinn.

Dette blir ein dag med klassisk yoga, eit varmt vegetarmåltid med orientalske smakar, rawfoodkake og tè/kaffi/matchalatte, finsk sauna og kaldkulp, meditasjon og yoganidra- ei djup og nydeleg avspenning. Merete er yogalærar og driv Meretes garden – eit retreatsenter med eit badehus som er 7 år i oktober. Det vil vi markere med ein laurdag der du kan kome og roe ned, kjenne på velvære og ekte glede samt treffe hyggelege menneske og dele eit godt måltid saman med.

Det har vore 7 gode år her på garden der Merete vaks opp, kom tilbake og tok sjangsen på å følgje hjartet ved å etablere eit retreatsenter for menneske å roe ned, vekse og utvikle seg. I tillegg er det ein fin ferieplass, med glampingtelt sommarstid. Har du lyst å overnatte denne helga, eller andre tider, har vi to soverom til utleige i badehuset til utleie heile året.

Merete er utdanna yogalærar, gruppecoach og kropp- og samtaleterapeut med særleg fokus på pust og korleis handske vondtar i kroppen. Du vil bli guide i eit roleg tempo slik at du gjer yoga som passar din kropp og ståstad best. Hovud og kropp vil følgje kvarandre meir og meir iløpet av dagen slik at du etter endt dag vil du kjenne deg meir i kontakt med deg sjølv,senka skuldrane, jorda og meir i flytsona.

Denne spadagen vil passe alle som kjenner seg stressa, har vondtar i kroppen, treng å lære koble ut og ønsker fleire reiskap til å betre søvn og kvile.

Sauna og kaldbad har god verknad på oss mentalt som fysisk. Immunforsvaret blir styrka, vondtar i kroppen redusert, senkar stressnivået og gir ein god endorfinboost. I tillegg til kroppslege verknader er sauna ein fin stad å samtale – lågt og roleg, eller site stille saman. Treng du litt verdifull eigatid? Då vil dette vere staden for deg.

Programmet:

KL. 10 – 10 30: Registrering og servering av té.

Kl. 10.30: Roleg morgonyoga med djupe strekk, pusteøvingar samt meditasjon.

KL. 12.30 – 14.00  Lunsj og beinstrekk.

KL. 14.00: Yoga og yoga nidra.

KL. 15.30 – 17.00 Sauna.

Tid: Laurdag 19. oktober.

Påmelding: Fyll ut Booking nede på sida her. Så stadfestar du påmeldinga di ved å betale deltakaravgift til #531222 (Merete Myklebust) eller til bankkontonr. 39301943419 (merk: yoga). Bindande påmelding.

Pris: Kr. 777,- pr person.

Maks 10 deltakerar.

Alle velkomen!

 

Bookings

Billetter

Registration Information

Booking Summary

1
x Standard Ticket
kr0,00
Totalpris
kr0,00