Dato / tid
Date(s) - 18/05/2018 - 20/05/2018
Hele dagen
Kategorier
Årets første yoga workshop blir i år som i fjor i mai, ein vakker månad med mykje liv og glede. Her kan du kome og følge fleire økter yoga om dagen, dybdeavspenning, djupe pusteøvingar og lysmeditasjon. Etter denne helga vil du kjenne deg fyllt opp, avspent og meir heil. Ved å stresse ned, omgje deg med vakker natur og hyggelege mennesker og ete sundt få ei minnerik helg.
Å fordjupe seg i yoga gir ei heilt spesiell oppleving av å lande i seg sjølv, få oversikt og klarheit, kjenne kroppen utvikle seg og at yoga blir ein meir integrert del av ein.
*Morgonyoga, dag-yoga og ettermiddagsyoga i tilsaman 9,5 timar.
*vegansk/vegetarisk mat.
*Sove i bomullstelt i gode senger og sovne til elvesus. 2 personar pr. telt.
*Vedfyrt badstu.
*Slappe av eller meditere i tårnet.
*Tur i skog/mark.
*Massasje.
Når: 18, mai kl. 16.00 – 18.00 til – 20.mai kl. 14.00.
Obs! Det er eitt einmannstelt tilgjengeleg for kr. 200,- i tillegg i prisen samt eitt innerom i badehuset for 2 personar. Kr. 200,- pr pers. i tillegg.
Yogalærar: Merete Myklebust
Merete er innehavar av retreat senteret Meretes Garden, er utdanna i klassisk yoga frå Yogalærarskolen i Norge og underviser vinterhalvåret yoga i 4 bygder. Filosofien er at koppsbevisstheit gjer ein tryggare som menneske, mental bevisstheit er sentralt for å kunne ta vare på seg sjølv og andre på beste vis. Vi treng oasar til å puste og slappe av i og møteplassar som får fram det beste i oss. Namaste.
Pris: Kr. 2500,- inkl. yoga, alle måltid, sauna og overnatting.
Bookings
Bestilling er stengt for denne hendelsen.