#_LOCATIONMAP

Dato / tid
Date(s) - 27/05/2022 - 29/05/2022
18:00 - 22:00

Kategorier


Ein ny vår og ein ny yogaworkshop er klar her i vår hage i Valldal. I mai er du er hjarteleg velkomen til 3 dagar med livgivande, nedstressande eigatid, fylt med god klassisk yoga, meditasjon, avspenning og djupe pusteøvingar. Det vil bli gode flytsekvensar, litt yin yoga og Yoga nidra – yogasøvn. Vi et kun vegetar/vegansk mat laga frå grunnen av. Du kan nyte smoothie og heimelaga granula til frukost, smakfull suppe til lunsj og deileg middag. Frukt/net/te blir sett fram mellom måltida. Det blir god tid til å slappe av mellom øktene, gå tur, vere sosial og nytte vår vedfyrte store sauna med utsikt til fjell og elv.

Tema for helga vil vere eigenverd, korleis ta best hand om seg sjølv i ein kvardag prega av rutiner og krav?

Stimuli: Vi vil prøve redusere stimuli mest mogleg denne helga slik at kropp og sinn kan slappe godt av og du kan finne ny energi og overskot på relativ kort tid. Difor serverer vi ikkje kaffi/svart te, sjokolade samt er minimalt på sosiale mediar/telefon. Men litt til søttanna blir det likevel, og med mykje godt for kropp og sjel på programmet så vil dei færraste merke fråver av det vandte. Gle deg!

Massasje: Om du ønsker unne deg litt ekstra eigenpleie kan du bestille 30 – 45 min massasje i pausa midt på dag laurdag. Begrensa plassar. 30 min massasje kr. 500,-. 45 min massasje kr. 750,-.

High lights:

– Variert yoga morgon, formiddag, og kveld i eit glasdrivhus med unik atmosfære, tett på naturen.

– Glamping. Sove i frisk luft i gode senger med dundyne.

– Vedfyrt sauna.

– Vegetarmat.

– Treffe mange kjekke og blide personar.

Merete: Er yogalærar frå Yogaprosess AS (1000 t) og har bygd opp og driv Meretes Garden – den gamle heimgarden eg vaks opp på. Bur her med 3 kattar, 1 hund og 3 fiskar. Gjennom 10 år har eg helde yogakurs og workshops ved sidan av å leige ut glampingtelt og leilegheit til tilreisande gjestar. Eg har også ei psykoterapiutdanning i botnen og tilbyr personlege samtalar med forankring i kroppen. Kropp og psyke hand i hand. Og det vi ikkje kan forstå med sinnet kan vi ta med inn i hjartet:)

NÅR: 27 – 29. mai. Oppstart fredagen kl. 18.00, avsluttar søndagen kl. 13.00 etter lunsj.

PÅMELDING: Fyll ut bookings inne på sida her. Oppgje full adresse. Du vil motta ei stadfesting like etterpå. Deretter får du ein mail frå meg med litt generell informasjon.

– Påmeldinga stadfestar du ved å betale inn eit depositum på kr. 1000,- til vipps. mobilnr. 90570674 eller kontonr. 40602663711 (merk yoga). Heile depositumet kan tilbakebetalast før 01.05. Heile deltkaravgifta skal betalast inn innan 17.05. Etterpå får ein ved avmelding refundert 2/3. Møt ikkje opp med inlfluensa. Heile deltakaravgifta blir tilbekebetalt ved positiv covid-19 test.

PRIS: Kr. 3500,-. pr. person.

Inkluderer: 2 overnattingar med oppreidde senger i 2-roms glampingtelt (kan også vere 3 i eit telt), handdukar, såpe/shampoo, sauna x 2, alle yogaøkter, kveldsmat fredag, 3 måltid laurdag, frukost og lunsj søndag.

Ekstra overnatting: Ønsker du kome ein dag før går det bra. Her er sjølvbeteningskjøkken og du får workshoppris til kr. 500,-.

Ein yogaworkshop kan vere rett for deg, og kjekt å reise på saman med vener. Men unngå overtale nokon til å vere med, best utbyte for kvar enkelt om det er noko ein sjølv ønsker.  Her går godt an å kome einsam også. Alle vil bli sett, høyrt og det blir mange fine høve til å bli betre kjent med kvarandre.

Alle velkomne!

Merete

 

Adresse: Døvingssida 10. Meretes Garden Myklebust Org.nr. 993 763 845

Bookings

Bestilling er stengt for denne hendelsen.